PER MARIFJÆREN

Både Bergen kommune, politiet, brannvesenet og Norges livredningsselskap troppa opp da 27-årige Kjerstin Brunvoll skulle heidrast under ein seanse i Vestas kantine i Fyllingsdalen torsdag.

Det vanka uhemma ros og skryt for glimrande utført redningsdåd, og både diplom og gåver attpå.

Eksamen og livredning

Pinseaftan var Kjerstin under innspurten i sin heimeeksamen i organisasjonspsykologi, og fann ut at ho ville kombinere lesinga med ei utflukt i det nydelege veret. Turen gjekk derfor til Splinten ved Klokkarvatnet i Fana. Vel framme gjorde ein liten gut henne merksam på at dei to brørne hans hadde store problem ute i vatnet.

Dei to gutane av afrikansk opphav var ikkje svømmesterke, og den eine var allereie utan medvit då Kjerstin jumpa uti og hanka han inn på land. Broren var i ferd med å gå under da Kjerstin fekk tak i han, og heldt på å dra henne med under i panikken.

Men heldigvis enda det godt, og begge kom seg velberga opp av vatnet. Overfor Bergens Tidende understrekar.

Fekk redningsbøyer

Torsdag sørga forsikringsselskapet Vesta — dei med livbøyene, veit du - for å stelle til feiring av redningsdåden.

I Bergens Tidende onsdag hadde Kjerstin påpeika at det ikkje var redningsbøyer å spore ved badeplassen ved Klokkarvatnet, og dermed kunne kommunen motta to raudkvite bøyer til formålet. I tillegg vanka det ein litografi av vossekounstnaren Kristian Finborud med tittelen ýRedningsmanný til redningskvinna.

Litt seinare slapp Elin Gullaksen frå Norges Livredningsselskap til i køen av gratulantar.

— Du handla som ein fullfaren livreddar. Ingen kunne gjort dette betre, var Gullaksens melding til dagens helt.

Livredningsselskapet vil heidre henne meir formelt ved eit seinare høve.

Etterpå var Kjerstin sjølv aldeles overvelda.

— Det blir nesten litt uverkeleg, det er nesten vanskeleg å fatte at det er meg sjølv det dreier seg om, smiler ho.

LITT BRYDD, MEN MEST GLAD: Kjerstin Brunvoll vart torsdag behørig feria for si snarrådigheit pinseaftan. Da redda ho to gutar frå å drukne i Klokkarvatnet i Fana.