ARNE HOFSETH

— Heilt einig, seier administrerande direktør Olav Lühr i Flåm Utvikling AS som står for drifta av den spektakulære jernbanestrekninga gjennom Flåmsdalen.

Trafikken på Flåmsbana har auka kraftig dei siste åra. 2004 blir eit nytt rekordår.

— Setetrekka er i ein slik forfatning at turistane må tru at Noreg er eit u-land. Flåmsbana er ein av våre største turistattraksjonar. Det er heilt forferdeleg. Ei stor skam, seier Else Jensen frå Bergen, som nyleg tok rundturen «Norway in a nutshell». - Setetrekka er utstyrt med glidelås, så det må vera enkelt å byta dei ut etter kvart som slitasjen melder seg. Dei bar ikkje preg av hærverk, legg ho til.

— Med langt over 460.000 passasjerar i året, seier det seg sjølv at seta i toget er utsett for stor slitasje. Vi har bestilt nye, men det er ei viss leveringstid sidan vi må ha flammehemmande materiale, opplyser Lühr.

— Kva tid kan nye setetrekk vera på plass?

— Om 8-10 dagar, har vi fått opplyst, svarar direktøren.