Det opplyser Jeanine Heide i Hordaland-prosjektet «Trivselsgrenda». Første del av prosjektet, ei spørjegransking i grendene Oma, Fusa, Ølve og Hatlestrand, er gjennomført i vinter

«Trivselsgrenda» er eit prosjekt som bygdene Oma i Kvam, Fusabygda i Fusa samt Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad tek del i for å fremme busetjing, tilflytting og trivsel mellom dei som bur i bygda. Alle vaksne i dei fire bygdene i Kvam, Fusa og Kvinnherad har svara på eit omfattande spørjeskjema. Svarprosenten varierer frå 47 til 60, langt i overkant av det prosjektleiaren venta på førehand.

— No når me veit meir om kva folk er meir og mindre nøgde med i dei ulike bygdene, har me høve til å setja inn så målretta tiltak som mogeleg, seier Jeanine Heide.

Pilotprosjektet «Trivselsbygda» skjer i regi av landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland. Det har som mål å fremja busetjing, tilflytting og trivsel mellom dei som bur i bygdene.

— Så langt viser undersøkinga tydeleg at bygdeutvikling bør handle om langt meir enn berre næringsutvikling. Trivsel og lokalt fellesskap ser ut til å vere viktigare faktorar i vurderinga av kor ein vil bu enn det ein gjerne trur, er Jeanine Heide sin kommentar til første del av prosjektet.

I vår skal ho gjennomføra djupneintervju med folk i dei utvalde bygdene for å koma bak statistikken. Til hausten står folkemøte for tur, før prosjektet munnar ut i spesialtilpassa tiltak i dei enkelte grendene.

Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen er samarbeidspartnar i prosjektet, som er støtta av mellom andre Hordaland fylkeskommune, Statens Nærings- og distriktsutviklingsfond, Fiskeridirektoratet, Kommunal- og regionaldepartementet og kommunane Kvam, Kvinnherad og Fusa.