Dette er tema for ein stor forskingstudie som Statens arbeidsmiljøinstitutt (stami) har gjennomført for aluminiumsindustrien.

Dei tre siste åra har Stami forska på korleis arbeidarar ved norske aluminiumsverk blir eksponert for helseskadeleg finstøv i elektrolysehallane.

— Forholda har blitt mykje bedre, men vi er enno ikkje nøgde, seier Willy Bjerke i Aluminiumsindustriens miljøsekretæriat (Ams). Han reiser for tida rundt på aluminiumsverka og orienterer om undersøkinga. I går var han i Årdal.

Omplassering eller slutt

Den moderne pre-baked teknologien framstår utad som langt reinare enn den gamle Søderberg. Men dette er ein fasade som slår sprekker.

For industrien slit framleis med eit stort internt arbeidsmiljøproblem. Den dag i dag må rundt 20 arbeidarar årleg anten slutte eller omplasserast på grunn av såkalla hall-astma, ifølgje Bjerke.

Sidan 1980-talet er eit stort tal luftveg- og astmalidingar rapportert til Arbeidstilsynet.

— For nokre tiår sidan var talet hundre tilfelle i året, påpeikar han.

Hovudproblemet oppstår under utskiftinga av dei oppbrukte prebaked-anodane av karbon. Ved denne arbeidsoperasjonen må aluminimsovnen stå open, og arbeidaren blir utsett for potensielt store mengder finstøv av svoveldioksyd og fluorid-forbindelsar.

Denne arbeidsoperasjonen eksisterer ikkje på dei eldre, utdaterte Søderberg-anodane. Der treng ikkje anodane å bli bytta ut, men Søderberg taper mot prebaked på stort sett alle andre miljøparameter.

Forskingssjef i Stami, Yngvar Thomassen, har leia hallastma-prosjektet og seier til Teknisk Ukeblad at aluminiumsindustrien framleis har store arbeidsmiljøproblem.

Willy Bjerke i bransjeorganet Ams meiner på si side at det er mogeleg å gjere forholda bedre enn i dag.

— Støvet er eit problem når cella blir opna for anodeskifte. Men det finst metodar for å halde eksponeringa i sjakk, mellom anna bedre ventilasjon, seier Bjerke til Bergens Tidende. - I tilleg vil vi utvikle arbeidsmetodar og rutinar som gjer at operatøren ikkje treng å stå så nær og så lenge ved den opne ovnen.

Bjerke opplyser at Stami gjennom denne studien har funne metodar for å finne ut korleis det ultrafine, helseskadelege støvet blir tatt inn i kroppen.

— Vi snakkar om fleire typar støv, og korleis og kor djupt dette blir pusta inn, seier han.

— Kan du seie noko om dei konkrete funna i studien?

— Ikkje før vi har orientert ute på aluminiumsverka. Undersøkingane er gjort ved kvart enkelt verk, og har også ein generell del. Den vil bli offentleg i løpet av mai, seier Bjerke, som i går orienterte Arbeidsmiljøutvalet ved Hydro i Årdal om resultata.