Politiet meiner dei fire har hatt befatning med minst 1,7 kilo hasj, der den 22-årige Florø-mannen etter politiets oppfatning har forsynt to Førde-menn i 20-åra med stoffet.

Tilstod 1,7 kilo

Den 22-årige Florø-mannen vart i går ettermiddag varetektsfengsla i fire veker, to av dei med brev— og besøkskontroll. Fengslinga var i samsvar med kravet frå aktor i saka, politiinspektør Bente Staven.

Politiet har ikkje kravd fengsling av dei to Førde-mennene eller den fjerde sikta, ein mann frå Flora.

Dei første pågripingane skjedde etter ransakingar i Førde fredag føremiddag, der politiet fann nokre hundre gram hasj hjå dei sikta. I påfølgande avhøyr skal dei to Førde-mennene ha erkjent befatning med heile 1,7 kilo hasj.

Forsvarar for den fengsla 22-åringen, advokat Jørgen Riple, meiner politiet har ei uvanleg tynn sak mot hans klient.

— Han fortel at han ikkje har noko som helst med saka å gjere, og politiets einaste haldepunkt er nokre få telefonsamtalar mellom min klient og ein av dei sikta, seier Riple.

Dømt i fjor

Riple viser til at 22-åringen ikkje er utpeikt av nokon andre i saka, og meiner ein tidlegarte narkodom må vere bakgrunnen for politiets mistankar. Hausten 2001 tok 22-åringen dom i lagmannsretten på ti månaders fengsel, for befatning med 900 gram hasj.

I forhøyrsretten i går grunngav politiet fengslingskravet med faren for at bevis kan gå tapt. Likevel gjekk heile helga før den varetektsfengsla 22-åringen vart pågripen sist mandag, ei helg då dei øvrige sikta også var på frifot etter avhøyr. Såleis har dei fullt høve til å snakke saman, dersom dei ønskte det. Politiet har kun beslaglagt bereit par hundre gram av partiet dei meiner har vore på 1,7 kilo, og fryktar difor at størstedelen allereie er på marknaden i småbyen Førde.

— Det er utan tvil store mengder hasj på marknaden i Førde no, seier ei politikjelde til Bergens Tidende.

Han ber foreldre og lærarar om å vere ekstra vakne når skulane om få dagar startar opp igjen etter sommarferien. Berre denne saka utgjer meir enn to tusen brukardosar, påpeikar han.