Her blir det helsa God morgen, Fredriksen og det luktar Fårikål i første når Sidesprang på Os blir flytta til Voss.

– Etter 28 år har vi endeleg fått dametekke, vi også, seier gitarist Helge Grønhaug.

Saman med pianist og organist Yngve Jacobsen var han på Voss i går og øvde saman med damekoret.

— Rørande

– Jacobsen hadde barbert seg og damene hadde baka bollar. Og det seier i grunnen det meste, skriv dvergane på heimesida si.

– Dette er flott musikk. Det høver perfekt inn i vår ramme, seier den entusiastiske kordirigenten Anne Siri Undeland.

Og dvergane kvitterer attende:

– Det er uverkeleg og nesten rørande å høyra min eigen musikk i ein heilt ny setting, med kraftfullt damekor i tillegg til bandet sine instrument, seier Helge Grønhaug.

Tradisjon

d’kor har tradisjon for å stella i stand festkveld i kulturhuset Fraktgodsen. Tidlegare år har Abba, Beatles, De lillos og fleire fått kvar sin konsert.

Opplegget for laurdag 12. april er at kor og band framfører seks songar av De musikalske dvergene. Så overtek bandet. Dei er snart klare til å gje ut ein ny cd.

– Dei seks songane har vi øvd inn, dels saman, dels kvar for oss. Siste fellesøving er om ettermiddagen før konserten, røper Anne Siri Undeland. d’kor vonar at fansen til Dvergane tek turen frå Bergen til Voss og har fiksa tilbodspris på overnatting.

Låtane kjem praktisk talt i originalpakning. Grønhaug har berre gjort små grep for at instrument og stemmer skal klinga saman.

De musikalske dvergene held på det smålåtne namnet sitt, sjølv om dei har vakse mykje på 28 år, ikkje minst musikalsk.

MUNTERT: Ein liten ulyd, og latteren sit laus. Det er framleis mykje øvingstid att til konserten. FOTO: ARNE HOFSETH
ENTUSIASTISK: Anne Siri Undeland dirigerer d'korFOTO: ARNE HOFSETH
MUSIKALSK MØTE: Helge Grønhaug (nærast) og Yngve Jacobsen (ved pianoet) i samspel med damekoret d¿kor på Voss.FOTO: ARNE HOFSETH