KRISTINE HOLMELID

Flagget er kome til topps, og ute på skuleplassen står rektor Inge Aasgaard og kostar småstein.

Om få minuttar kjem dei, førsteklassingane ved Gjerde skule i Samnanger. Spente og fint pynta fem— og seksåringar, klare for mange år på skulebenken.

Nye kle og klump i magen

Helene Lemme har fått seg ny skuleransel, og er pynta i strikkakjole og skaut og nye, kvite joggesko. Snart skal ho og dei 16 klassekameratane bli med kontaktlærar Astrid Hitland inn i klasserommet.

Enno står dei ute på skuleplassen og ventar. Nokre tviheld i mamma si hand medan dei kikkar på dei andre. Det er så ein får tilbake kjensla frå då ein sjølv byrja i første klasse: Klumpen i magen og dei klamme hendene. Samtidig som ein gler seg, iallfall litt, over å vere så stor at ein får byrje på skulen.

- Fekk ikkje sove

Nokre av førsteklassingane har allereie gjort unna den første sjenerte fasen, og har kasta seg ut i leiken. Vegard André Helland har nystroka stripete skjorte og er høgt over bakken i klatrenettet.

— Han fekk nesten ikkje sove i natt, seier mamma Terese Helland.

— Fleire gonger etter at han hadde lagt seg ropa han og lurte på om eg hadde hugsa å legge pennalet og matboksen i sekken. Han ville vere heilt sikker på at alt var i orden, seier ho.

Sekken til Vegard André er ny, det same er matboksen og pennalet.

Liten, men klar

Mora synest det er rart at Vegard André skal byrje på skulen.

— Å, han er så liten. Men samstundes har han sagt at det er kjedeleg i barnehagen og at han gler seg til å byrje på skulen, seier Terese Helland.

Denne veka tek tusenvis av elevar over heile landet til på skulen. Nokre er ikkje meir enn fem og eit halvt år gamle, andre seks. Sjølv om rektor Inge Aasgaard har vore i skulen i mange år, er det alltid spesielt når august kjem og eit nytt kull startar.

Blir følgt til bussen

Kontaktlærar Astrid Hitland tek i mot førsteklassingane og viser veg inn i klasserommet. Læraren har møtt dei nye før, for fire månader sidan fekk dei besøke ho og det nye klasserommet sitt.

No set dei seg i ein ring og syng sangar, medan mødrer og fedrar med litt våte auge følgjer med frå harde trebenker.

Første skuledag er kort, berre nokre få timar. Når festdagen er over og kvardagane kjem, skal læraren hente elevane på skulebussen om morgonen og følgje dei om ettermiddagen. Store elevar i femte klasse skal vere fadrar og passe på dei minste i friminutta. Så det går nok bra, sjølv om dei er små.