Det er ikkje heilt i samme klasse som Skålatårnet i Loen, men det nye turtårnet på fjellet Stovegolvet er med utsyn til store deler av Sunnhordland i ferd med å bli eit attraktivt toppturmål på Stord. Arkitektstudent Gunnhild Tverdal (25) sitt fullførte eksamensprosjekt blei formelt opna med tale, musikk og snorklypp i survêret i dag.

— Som ordførar har eg opna mykje rart, men dette er det mest spektakulære. Og aldri før har ordførarkjeda vore så høgt til fjells, sa Stord-ordførar Liv Kari Eskeland. Så klipte ho snora som markerte avsluttinga på ein stor dugnadsinnsats frå Stord-Fitjar Turlag og Sunnhordland Kraftlag (SKL), og opninga av det ordføraren kalla Sunnhordland sitt stovegolvtårn.

Trassa vind, regn og tåke

Rundt 60 personar trassa vind, regn og tåke sundag føremiddag og tok den rundt timelange gåturen opp til kanten av Stovegolvet for å ta del i opningsseansen rundt 700 meter over havet.

I heile sommar har Gunnhild Tverdal og nær 30 frivillige jobba iherdig for å få ferdig tårnet i samsvar med teikningane i arkitektstudenten si masteroppgåve. Den første idéen om å gjera den gamle trafokiosken på Stovegolvet om til utsiktspunkt og varmestove fekk Gunnhild og faren Asbjørn Tverdal, nettdirektør i SKL, alt for snart ti år sidan. Dei gjekk ofte turar i fjellet, og såg potensialet i den høgreiste betongklossen som blei bygt i 1957 som trafokiosk og straumforsynar til radiosendaren på Stovegolvet.

El-forsyninga skjedde med ein luftkabel nedanfrå kraftstasjonen ved foten av fjellet. Ein eigen taubane var også montert opp til kiosken.

Overflødig

Alt i 1967 var bygget overflødig, då Kattnakken i andre enden av Stovegolvet overtok som radio- og fjernsynssendar. I 2006 ville grunneigar Stord kommune sprengja bort den gamle trafokiosken, men Asbjørn Tverdal og SKL fann ut at det var dyrare å fjerna bygningen enn å restaurera han.

Ekspertar slo fast at betongkvaliteten var god, og Gunnhild Tverdal gjekk som arkitektstudent i gang med å teikna om anlegget. Innvendig skrot er fjerna og erstatta med innreiing i solid tre, ei trapp opp til toppetasjen med benkeplasser. Det er skore ut betongflater i veggene for å gi plass til vindauge, og installert ein ny vedomn. Gamle isolatorar i grønt glas er blitt dekorative lampar. På taket skal det seinare monterast ei vindmølle som skal forsyna bygget med straum.

Leiar Gerd Øen i Stord-Fitjar Turlag seier ho er mektig stolt over at Gunnhild Tverdal og dugnadsgjengen i turlaget har fått til det nye turtilbodet i Stordfjellet. Dei mest ivrige har jobba hundre timar dugnad kvar sidan i vår. Turlaget har som mål å sjå til tårnet ein gong i veka.