Avgiftene har stått stille i fem år, men nå vil eit fleirtal i hovudutval for teknikk og miljø auka vassavgifta for ein husstand frå 1500 kroner til 2000, medan avlaupsavgifta er føreslått auka frå 1000 til 1500 kroner.

Renovasjonsavgifta vil auka frå 1300 til 1500 kroner om hovudutvalet får det som det vil. Det er føreslått at avgiftene utover dette ikkje skal aukast dei næraste tre åra.

Utvalsleiar Ottar Vik understrekar at avgiftene framleis er på eit lågt nivå og at det er ein liten stigning sett i ljos av at avgiftene har stått stille sidan 2001 og at dei ikkje skal justerast igjen før i 2008. Det er kommunestyret som til sist fastsett avgiftene.