— Her er innvollane til ein fisk, seier Monicha Landøy og lyfter opp eit glas med fiskeslo.

— Æsj!, ropar ein tredjeklassing, rynkar på nasen og snur seg vekk.

Åtteåringane ved Flora barneskule er på besøk i lokala til taksidermist Monicha Landøy på Madsenkaia i Florø. Midt i lokalet står ein kjempesvær rev, nesten ferdig utstoppa. Men det er glaset med fiskeslo som får fokus mellom ungane. Innvollane, lagt i ei ufarleg sukkeroppløysing som gjer at dei held seg, vekkjer avsky hos nokre og gjer andre forvitne.

— Ein eller annan stad inne i her skal hjartet vere, held Monicha Landøy fram. Spørsmålet let ikkje vente på seg:

— Kor henne då? vil eleven vite og strekkjer handa mot glaset.

Delar av dyr

Dei unge florøværingane studerer delar av det som i februar skal bli til ei vandreutstilling om biologisk mangfald. På bordet ligg ein bit av skinnet og eine beinet på eit piggsvin, her er konglar, tang og tare, skjel, kokelurar og steinar, eit fuglereir, hovudet og foten til ei and, sommarfuglar, skjelettet av ein oter, eit haifoster og ei lita skate.

Ideen er å vise delar av dyr, saman med eit bilete av dyret i «fullformat» og ein tekst til illustrasjonen. Alt er preparert for at ungane skal kunne ta og kjenne på det. Vandreutstillinga blir retta mot 5. klasse, som ein praktisk del av opplæringa i naturfag.

— Min første tanke var å lage ei utstilling som kunne takast rett inn i klasseromma. Men det hadde ikkje skulane råd til. Dermed blei løysinga ei større vandreutstilling. Eg har fått kjemperespons. Sponsorar har støtta meg, og Zoologisk Museum og Akvariet i Bergen har synt stor interesse, seier Landøy.

Landøy har fått hjelp frå Sogn Folkemuseum som skal samordne utstillinga for skulane. Første stopp blir Kystmuseet i Florø, deretter følgjer folkemusea i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord før utstillinga skal ut til resten av landet frå vinteren 2009.

— Når eg først får utstillinga ut slik, kan ho fort kome til å vandre i mange år.

Samlar

Monicha Landøy har vore fascinert av naturen heile livet. Ho samla sjødyr ho fann i fjøra heime i Værlandet som lita jente. For 20 år sidan tok ho til på utdanninga for å bli taksidermist, ein fagutdanning for å kunne stoppe ut dyr.

Sidan har dette blitt levevegen. No på hausten er det høgsesong for utstopping av hjort. Som eit svært synleg resultat av årets jakt i hjortefylket står eit knapt dusin imponerande gevir fint stabla og merkt inn mot ein vegg. Jegerane skal ha sine trofé på veggen. Fleire revar er straks klare for levering til kundar, og på ein hylle strekkjer ein sporvehauk vengjene mot taket.

Medan dei ferdig utstoppa dyra har blitt felt, har mesteparten av dyra Landøy skal bruke i utstillinga sjølvdauda. Einaste som har blitt avliva for å vere med i utstillinga er insekta, alt anna er restar av daude dyr ho sjølv har funne eller fått av andre.

— Eg har fått kanskje kring tredjeparten, seier Monicha Landøy. Ho tek fram oterskjelettet, pigghåungen og den vesle skata som døme på viktige delar av utstillinga andre har kome med til ho. Og nye ting kjem stadig til, sist ein kar som kom inn med eggsamling han lurte på om kunne passe inn.

Hoggorm og kvefsebol

Og Landøy tek gjerne imot fleire ting frå naturen for å gjere utstillinga best mogleg. Nyleg fekk ho ei flaggermus som har stått høgt på ønskjelista. Framleis manglar ho eit kvefsebol og ein hoggorm. Ho reknar dessutan med å måtte fornye ting som blir skadde etter som utstillinga vandrar.

— Men eg vil ikkje at folk tek livet av dyr. Det må vere dyr som er sjølvdauda, seier Landøy som også ønskjer å låne bilete av fuglar, dyr og fiskar.

Timen er slutt, tredjeklassingane i Florø har fått eit lite innblikk i mangfaldet i naturen rundt dei. Om nokre månader kjem turen til deira to år eldre medelevar.

— Ungar stiller så naturleg spørsmål. Og så får du alle slags reaksjonar. Alt frå «Så ekkelt», til «Åh, så fint». Eg likar begge, seier Monicha Landøy.

BIOLOGISK MANGFALD: Monicha Landøy vil lære norske femteklassingar om mangfaldet i naturen. Røyskattar i sommar- og vinterdrakt, delar av ei and, langpigga sjøpiggsvin, ei lita skate og eit haifoster er mellom dei kring 200 artane taksidermisten skal ha med på utstillinga.

oddleiv apneseth