I eit notat til Helse— og omsorgsdepartementet konkluderer direktoratet med at endringane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid kan ha hatt store konsekvensar.

— Omleggingane i Helse Førde dei siste åra kan samla sett ha vore av så stor samfunnsmessig og prinsipiell karakter at ein samla plan for utviklinga av lokalsjukehusa bør leggjast fram for departementet. Denne bør leggjast fram før endringane blir gjennomførte, skriv direktoratet i brevet til departementet.

Kan ikkje svare

I fjor haust vedtok styret i Helse Førde å samle så godt som all kirurgisk aktivitet til Førde sentralsjukehus. Ein konsekvens av vedtaket er eksempelvis at blindtarmoperasjonar berre skal utførast i Førde. Den ortopediske aktiviteten i sjukehusføretaket i Sogn og Fjordane skal samlast i Førde og på Nordfjordeid.

Det er dette vedtaket Helse- og omsorgsdepartementet har bede Sosial- og helsedirektoratet uttale seg om. Departementet vil ha svar på om endringane sikrar eit forsvarleg og kvalitativt godt helsetilbod for folk i fylket.

Direktoratet sitt svar er at det kan dei ikkje svare på.

Stor strid

Men eit stort innsparingskrav hengande over seg, har styret i Helse Førde siste åra mellom anna lagt ned fødeavdelinga ved sjukehuset i Lærdal, gjort sjukehuset i Florø om til eit nærsjukehus for Flora og Bremanger, slått saman sengepostar og innført klinikkorganisering på tvers av heile føretaket.

Sosial- og helsedirektoratet meiner at for å vurdere om desse endringane er forsvarlege, må det skaffast dokumentasjon som viser korleis endringane påverkar ei rekkje forhold. Konkret peikar direktoratet på konsekvensar for ambulansetenesta, utdanninga av spesialistar og rekruttering av turnuskandidatar. Vidare vil dei også gjerne ha dokumentert korleis sjansen er for pårørande til å delta når pasientar får lenger avstand til sjukehus.

Dei mange omleggingane har skapt sterke reaksjonar. I Indre Sogn og Nordfjord blir vedtaka i styret for helseføretaket oppfatta som ei sentralisering til sentralsjukehuset i Førde. Både i Lærdal og på Eid har fakkeltog med fleire tusen deltakarar markert misnøye med sjukehusleiinga i Førde. Sist var før jul då bortimot 4000 menneske demonstrerte på Nordfjordeid mot at kirurgien skulle flyttast til Førde.