I april bad Tide og andre store transportørar departementet leggje press på fylket for å stoppe det dei meiner er ein ulovleg konkurranse.

Dei meiner utlysinga er skreddarsydd for at fylkets eige selskap, Fjord1, skal få storavtalen, mellom anna fordi tida frå utlysing til anbodsfrist var så kort at berre dagens operatør kunne by. Fjord1 køyrer i dag alle rutene.

Einaste bod

Det siste har også skjedd. Fjord1 er den einaste som har lagt inn bod, men samferdsledepartementet vil ikkje gripe inn:

– Departementet legg til grunn at fylkeskommunen gjer ei forsvarleg vurdering slik at ingen av krava i utlysinga fører til ulovleg og ulik handsaming av leverandørar.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers oppfattar avgjerda slik at så lenge dei held seg til lova, vil Samferdsledepartementet ikkje bryte inn.

– Dette er til å leve med for oss, seier fylkesrådmannen.

Største i landet

Konkurranseutsetjinga er største båtanbodet i landet. I alt omfattar utlysinga 16 båtruter Sogn og Fjordane fylkeskommune driv i dag. Flesteparten av rutene er lokale samband, men hurtigbåtsambanda frå Nordfjord og Sogn til Bergen er også med i utlysinga.

Då Bergens Tidende laurdag fortalde at Fjord1 er einaste selskapet som har levert bod, ville fylkesrådmannen Øhlckers ikkje kommentere om dei får oppdraget. Han opplyste at fylkeskommunen no kvalitetssikrar bodet.

Dersom Fjord1 får oppdraget, skal dei drive båtrutene til 1. mai 2012. Før denne perioden er over, skal det gjennomførast ein ny anbodsrunde for ein lengre periode, truleg ti år.

Truga med ESA

I svarbrevet skriv Samferdsledepartementet at dei er klageorgan for løyvetildeling på nokre av dei aktuelle rutene og difor ikkje ønskjer seg å uttale seg no.

I departementet får bt.no opplyst at det er dei fylkesoverskridande rutene det kan klagast på, altså hurtigbåtsambanda mot Bergen. Det er ikkje klart om selskap som ikkje har søkt om løyve til å drive rutene, har klagerett.

Det har ikkje lukkast bt.no å få kommentar frå Tide. Selskapet har tidlegare truga med å føre saka inn for ESA, dersom dei ikkje fekk medhald i departementet.

DRAR: Vingtor seglar ut Vågen. Hurtigbåtruta til Sogn vil truleg fortsatt vere driven av Fjord 1.
TOR HØVIK (ARKIV)