Dei siste åra har interessa for å byggje hytte i Gulen auka. Medan det tidlegare blei bygt 12-13 hytter i året, blei det berre til september i fjor ført opp 20 nye fritidsbustader. Kommunen vil no ha ein plan.

— Vi må tenkje heilskap, og få ein plan over kvar det kan byggjast hytter og kva som skal vere friområde. Det vi gjer no har konsekvensar for svært tid framover, seier ordførar Trude Brosvik til NRK Sogn og Fjordane.

Kommunen har no ein plan ute på høyring, og til den er vedteken er det innført byggjeforbod. Det er spesielt øyane vest i Gulen og strandsona frå Dingja og sørover langs Brandangersundet som er attraktive område for hyttefolk.