Det har vore steinuttak og jorddeponi i eit landbruks-, natur— og friluftsområde på Stord i nesten 20 år. Ein nabo klaga på eit vedtak frå kommunen som gav løyve til fem nye år med arbeid på Stuva. Fylkesmannen oppheva kommunen sitt vedtak, melder Fylkesmannen på sine nettsider.

Klagar meiner dei har vore plaga med støv- og støyplagar i 15 år. Arbeidet har gått føre seg på to ulike felt, og vedtaket gjaldt no eit tredje felt nærare klagar. Fylkesmannen meiner at arbeidet på dei tre felta må sjåast i samanheng, og kjem i strid med kommunepanen. Tiltaket krev difor dispensasjon frå planen. Fylkesmannen kom til at det låg føre sakshandsamingsfeil som kunne ha verka inn på vedtaket sitt innhald. Vedtaket vart difor oppheva og send tilbake til kommunen for ny handsaming.