Ordførar Kjetil Hestad i Tysnes kommune har graveløyve, men ikkje byggjeløyve for det nye funkishuset sitt i Lundegrend.

Men tomta er planert og forskalingsutstyr klargjort i så stor grad at teknisk etat før helga rykte ut og gav ordføraren skriftleg melding for andre gong om ikkje å gå vidare med byggjearbeid før byggjeløyve er gitt.

AVVENTAR LØYVE: Etter åtvaring frå teknisk etat harTysnes-ordførar Kjetil Hestad fått bygningsfolka til å fjerna forskaling til huset sitt inntil søknaden om byggjeløyve er avgjort. ARKIVFOTO: RUNE M. BERENTSEN

— Visst han held fram med å byggja før løyvet er på plass, er det noko som ikkje stemmer. Ein ordførar bør vita at det trengst byggjeløyve, seier John Hagen, ein av naboane som har klaga på at tomta til Kjetil Hestad er planert og plassert for høgt i terrenget.

- Eg tek sjølvkritikk

— Eg tek sjølvkritikk for at eg har vore noko ivrig på å koma i gang, men eg trudde det var i orden å setja opp forskaling for klargjering til bygging. Forskalinga er no fjerna, seier ordførar Kjetil Hestad, som meiner han ikkje har gjort noko ulovleg.

— Eg har heile tida vore innstilt på å venta på behandlinga av byggjeløyvet, og ser ikkje dette som nokon stor sak. Plan- og bygningslova gjeld sjølvsagt like mykje for meg som for andre, seier Ap-ordføraren som har kjøpt seg tomt med sjøutsikt i det kommunale byggjefeltet Lundehagen i heimbygda si på Tysnes.

Byggjeløyvet til Kjetil Hestad skal avgjerast av kommunen 28. oktober etter synfaring.

— Normalt blir det gitt byggjeløyve på delegasjon. Sidan det handlar om ordføraren, bør saka behandlast politisk i utvalet. I ei slik rolle bør ein vera ekstra varsam, seier rådmann i Tysnes, Steinar Dalland.

Munnleg tilsegn

Rådmannen føler ikkje at ordføraren har handla gale i byggjesaka, så lenge sjølve husbygginga ikkje er sett i gang.

— Ein planert tomt går det an å gjera om på, det er langt verre med ein bygning. Ein annan diskusjon er det om kommunen kanskje bør bli meir tilbakehalden med å gi graveløyve. Nokre kommunar gir ikkje graveløyve, vi gjer det slik at folk kan koma i gang med arbeidet, seier Steinar Dalland.

Naboklage og ein mangelfullt utfylt søknad om rammeløyve førte til at teknisk etat i Tysnes 27. juni i år bad Kjetil Hestad senda fleire opplysingar, og presiserte at det ikkje var gitt løyve til anna enn avgraving av tomta, at det ikkje var fastsett kotehøgd for plassering av huset, og at «det ikkje må setjast i gang ytterlegare arbeid på tomten før det føreligg godkjent byggjeløyve.»

Naboar som varsla

Rådmann Dalland opplyser at ordføraren først fekk munnleg tilsegn om avgraving av tomta frå saksbehandlaren, i staden for skriftleg graveløyve slik regelverket tilseier. Slik godkjenning kom i skrivet 27.juni til Stavanger-selskapet som handterer byggjesaka for Hestad.

Det var ei bekymringsmelding frå naboane om igangsett byggjearbeid som fredag førte til at teknisk etat rykte ut til Kjetil Hestads tomt. Byggjesaksbehandlaren kunne konstatera at tomta er planert og forskalingsarbeidet «delvis påbegynt».

FUNKIS: Slik har Link arkitektur teikna huset til Kjetil Hestad ifølgje søknaden om rammeløyve.
Link arkitektur

Det resulterte i nok eit skriv til ordføraren med understreking av at det berre er gitt løyve til avgraving, og at byggjearbeid ikkje må starta før byggjeløyve ligg føre.

Vil senka tomta

Ifølgje naboane Øyvind Lunde og John Hagen er det tilkøyrt store mengder steinmasse som dannar ei åtte-ti meter høg skråning på nedsida av Hestads tomt.

— Vi ønskjer huset plassert eit par meter lågare i terrenget, seier Hagen. Det vil krevja investering i kloakkpumpe på tomta.

Kjetil Hestad svarar at han har valt å byggja eit eittplanshus utan kjellar og med tilnærma flatt tak fordi han har ønskt å ta minst mogleg utsyn frå nabohusa bak. Han seier at kotehøgda som tomta er planert etter, svarar til oppgitt høgde i nabovarselet som det ikkje kom reaksjonar på, og at steinfyllinga er dekt til med jord.

— Eg er ordførar og følgjer plan- og bygningslova. Alt er gjort etter råd frå folk som har betre greie på prosessen enn eg. No ser eg fram til behandlinga i utvalet 28. oktober, og håpar eg kan koma i gang med bygginga, seier Kjetil Hestad.