PER MARIFJÆREN

Det var søndag BT fortalde historia om den tsjekkiske ungdommen Roman Chernohlavek (19) som forsvann sporlaust etter ein fottur i Masfjorden i Nordhordland 25. juli.

Da dei andre i reisefølget melde Roman sakna den 27. juli, starta politiet ein storstila leiteaksjon med blant anna hundepatruljar og helikopter. Men få timar seinare stoppa dei leitinga, fordi eit bergensektepar på tur i Nordfjord dagen før hadde tatt opp ein haikar som passa godt til skildringa av Roman.

— Slett politiarbeid

Men i ettertid har politiet aldri sjekka om det verkeleg var Roman som var i Briksdalen. Først no, etter å ha sett bildet i BT, kan ekteparet trekkje konklusjonen. Og dei er heilt sikre i si sak:

— Både kona mi og eg er klinkande klare: Dette er ikkje ungdommen som fekk sitje på med oss, seier Arvid Birkeland, som var på biltur til Briksdalsbreen måndag 26. juli.

Dagen etter bilturen høyrde dei meldinga om den sakna på radioen, og alt lét til å stemme: Alder, nasjonalitet, oppakning, hårfarge og hårlengd.

— Vi ringde straks politiet om at vi truleg hadde sett den sakna. Men når vi no ser bildet i avisa, ser vi jo at det dreier seg om ein heilt annan person. Vi fekk regelrett hakeslepp, seier Birkeland.

For ekteparet har aldri høyrt noko meir frå politiet, og levde såleis i trua på at Roman var komen til rette i god behald.

— Det er så trist å lese om familien og dei som saknar han heime i Tsjekkia. Eg tykkjer det er veldig svakt av politiet å ikkje sjekke saka såpass at dei viste oss bilde av den sakna, seier Birkeland.

Viser bilete først no

Da leiteaksjonen vart stoppa, gjekk politiet skråsikkert ut frå at 19-åringen var sett i god behald i Briksdalen, og at dei hadde gjennomført ein aldeles unødvendig - og svært kostbar - leiteaksjon.

Like sikker var lensmann i Masfjorden, Magnus Stub Nilsen, da BT kontakta han fredag og konfronterte han med at Romans foreldre meinte observasjonen i Briksdalen var feil.

— Vi er rimeleg sikre på at observasjonen var av den sakna, sa Stub Nilsen da.

Lensmannen trur framleis at det var den sakna som haika til Briksdalen.

— No i ettertid har vi via Interpol fått inn fleire bilde av den sakna. Desse gir ikkje same inntrykket som det bildet BT har brukt. Vi vil no konfrontere vitna med desse bilda, seier Stub Nilsen.

Snart to månader er gått sidan Roman Cernohlavek forsvann. Når nokon blir sakna, er det heilt elementært å skaffe bilde av sakna så raskt som råd.

— Kvifor har ikkje politiet gjort det i denne saka?

— Vi har nettopp fått desse bilda i hende. Eg kan ikkje forklare deg kvifor vi ikkje har fått tak i bilde tidlegare. Vi har heile tida hatt tett kontakt med det tsjekkiske konsulatet i Oslo, seier Stub Nilsen.

Stemmer dårleg

Dette stemmer svært dårleg med informasjonen BT har frå både det tsjekkiske konsulatet og Romans familie og vener i Tsjekkia.

Straks BT spurte, sendte familie og vener i Tsjekkia oss gode og ferske bilete av Roman via e-post. Mange av dei er tatt under norgesferien, berre dagar før han forsvann.

Ved det tsjekkiske konsulatet i Oslo opplyser Barbora Stejskalova at ho allereie tidleg i august sat klar med familiens elektroniske bilete av Roman.

— Vi bad lensmannen om ei epost-adresse å sende bilda til, men det fekk eg ikkje. Lensmannen sa at norsk politi heller ville vente til dei fekk bilete via Interpol, opplyser Stejskalova. - Det er heilt klart at norsk politi kunne hatt bilde av Roman for lenge sidan.

FORSVUNNEN: Roman Chernohlavek (19) frå Tsjekkia har vore sakna i snart to månader. ARKIVFOTO