— Alle fagfolk, utan unntak, som har sett på arbeida til Læringslaben er hovudristande. Vitskapsfolk innanfor statistikk, pedagogikk, spørjeundersøkingar og folk driv med skule - alle er samde, seier Svein Sjøberg, professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling på Universitetet i Oslo.

Han er ein av dei fremste kritikarane av konsulentselskapet, som har store oppdrag med å evaluere norske skular.

Men den kritikken får ikkje gymnasrektorane i Hordaland servert når dei samlast i Ullensvang i slutten av april. Det trass i at Sjøberg i januar vart invitert til å halde føredrag om nett Læringslaben.

- Vart ikkje pressa

For to veker sidan fekk Sjøberg ein e-post frå leiar i rektorkollegiet i Hordaland, rektor Erik Sølvberg frå Voss. Der blir Sjøberg bedt om å droppe Læringslaben som tema, og spurt om han ikkje kan halde foredrag om noko anna.

Slik Sjøberg oppfatta det skjedde dette etter press frå opplæringssjefen i Hordaland Fylkeskommune, Svein Erik Fjeld. Fjeld skal ha handla etter at han vart kontakta av Læringslaben-eigar Yngve Lindvik.

— Eg vart sjokkert, seier Sjøberg.

Både Sølvberg og Fjeld avviser at sistnemnde skal ha pressa rektorane til å endre tema. Sølvberg seier han fekk inntrykk av at Fjeld frykta Sjøberg skulle «ta Læringslaben», noko som ikkje var hans intensjon då han inviterte Sjøberg.

— Det er mogleg eg har vore uklar overfor Sjøberg, men eg ville ikkje at han skulle hamre laus på Læringslaben når dei sjølve ikkje var til stades, seier Sølvberg.

Fjeld på si side stadfester at han tala med Læringslabens Yngve Lindvik, men at Lindvik ikkje gav uttrykk for at han ikkje ønskte at Sjøberg tala til rektorane.

- Skummelt

Hordaland Fylkeskommune, arbeidsgjevaren til gymnasrektorane, er ein av dei største brukarane av Læringslaben. Ifølgje fylkeskommunen sjølv har dei brukt 2,9 millionar kroner på Læringslaben i åra 2004-2006.

Fylkesopplæringssjef Fjeld legg ikkje skjul på at rapportane frå Læringslaben har fått stort gjennomslag på dei vidaregåande skulane i Hordaland.

— Dei fleste skulane har brukt rapportane frå Læringslaben konstruktivt. Delar av undersøkingane er lagt til grunn for arbeidet med utviklingsplanar, seier Fjeld.

— Er ikkje det litt skummelt å leggje opp planar etter desse rapportane, viss dei ikkje er verdt papiret dei er skrive på?

— Ja, viss slik steller seg slik er det veldig skummelt, seier Fjeld, som likevel meiner eventuelle feil ikkje blir store fordi skulane supplerer med anna kunnskap.

- Læringslaben ordnar opp

Kritikken mot Læringslaben gjer at Fylkeskommunen har utsett bestillinga av ein ny rapport frå Læringslaben frå i vår til hausten.

Men dei har ikkje kutta ut selskapet, seier Fjeld.

— Det som gjer at vi held fram samarbeidet med Læringslaben er at dei rettar den faglege ryggen sin, og shiner opp systema sine. Vi har tillit til vi skal ha eit godt samarbeid med dei vidare, seier Fjeld.