I meir enn ei veke har politiet vore på jakt etter den svindyre mini-ubåten som vart stole frå Tollbodallmenningen siste helga i februar. Ubåten tilhøyrde den svenske marinen, og var sendt til Bergen for service hos Bennex Transmark Norge AS. Tjuveriet vart omtala både i aviser og på tv, med bilete av den sakna farkosten.

Paul Fagersand gjorde difor store augo då han sist fredag oppdaga noko som likna mistenkeleg på det etterlyste fartyet.

— Eg og ein kollega var på veg til Bergen i bil. Oppe i Hallingdal passerte vi eit svenskregistrert vogntog som stod i vegkanten med open bakdør. Der inne fekk eg sjå ein mini-ubåt, heilt maken til den eg hadde sett på fjernsyn, seier Oslo-mannen.

Han ringde straks politiet i Bergen, som ikkje var seine i snuen.

— Eg kontakta operasjonsleiaren i Buskerud, som straks sendte ut ein patruljebil, seier politiførstebetjent Gunnar Kjellby i Hordaland politidistrikt.

Politifolka i Hallingdal stoppa traileren, og kunne nøgde slå fast at Fagersand hadde sett rett: Vogntoget hadde ubåt-last. Frå Bergen fekk dei ordre om å eskortere både sjåfør og bil til Gol lensmannskontor.

Der viste nærare undersøkingar at også merket på ubåten stemte med den sakna svensken.

— Da trudde eg vi hadde løyst saka - sjølv om politifolka på staden sa at sjåføren verka veldig grei og skikkeleg, seier Kjellby.

Ein telefon til firmaet som sakna ubåten fekk politiet på andre tankar.

— Dei kunne fortelje at dei hadde hatt fire ubåtar inne til service for den svenske marinen. Den eine var same dag sendt med vogntog med kurs for Sverige, seier Kjellby.

Ubåten kostar to millionar kroner, og det er lova ut ein dusør på 20.000 kroner til dei som kan finne han att.

Dusøren må den observante Fagersand sjå langt etter.

— Men han gjorde ein veldig god jobb. Vi er svært glade for at folk følgjer så godt med, seier Kjellby, som meir enn gjerne tek imot fleire ubåt-tips.