Den unge mannen prøvde å få med seg varer han ikkje hadde betalt for frå ein matbutikk på Os i 21-tide i kveld.

— Dei tilsette prøvde å stoppa han, men mannen la på sprang. Etter kort tid vart han stoppa av politiet, seier operasjonsleiar Grindeland ved Hordaland politidistrikt.

Det er usikkert om mannen fekk med seg varer frå butikken.