Stoltenberg trua før helga med at det ikkje vil bli noko samarbeid mellom Ap og regjeringa om revidert nasjonalbudsjett, dersom ikkje regjeringa kjem med tiltak som aktivt kan bidra til omstilling og nyskaping. Ap-leiaren vil mellom anna ha ein nyskapingspakke som inneber eigne løyvingar øyremerka til næringsutvikling i dei to kommunane, og lokalisering av nye statlege arbeidsplassar.

I dagens reviderte nasjonalbudsjett vil det komme ein tiltakspakke til dei kriseråka aluminiumskommunane på Vestlandet. Men det er så langt ikkje kjent kor mange millionar som vil liggje i potten.

Fylkesordførar Nils R. Sandal møtte i går både kommunalminister Erna Solberg og næringsminister Ansgar Gabrielsen.

— Dei gav uttrykk for at dei så alvoret i situasjonen, men vi fekk ingen opplysningar om kor mykje pengar regjeringa vil gå inn med. Men det som også kom fram var at det ikkje var tatt høgde for dei bemanningsreduksjonane Hydro-styret vedtok fredag, opplyser Sandal.