Statsministeren skal mellom anna få ei oppdatering på omstillingsarbeidet i kommunen. Hydro er i ferd med å byggje ned aluminiumsproduksjonen i sognebygda, og staten har gått inn med store summar for å omstille det einsidige industrisamfunnet.

Delar av omstillingspakken har vore omstridd, ikkje minst gjeld det støtta til oppbygging av ein dørfabrikk.

I følgje nettstaden porten.no er det statsministeren sjølv som har teke initiativ til å vitje Ap-bastionen.