Med den nye omstillingspakken for Årdal i baklomma vart lørdagens Ap-årsmøtet forvandla frå potensiell kanossagang til ei rein signingsferd for Jens Stoltenberg.

– Det vi har gjort i Høyanger og Årdal er eksempel på at vi meiner alvor med omgrepet aktiv næringspolitikk, sa statsministeren, og hausta ståande applaus.

– Nøgd når Årdal er nøgd

Som Bergens Tidende fortalde i går, vart ein omfattande omstillingspakke for Årdal klar dagen før Stoltenberg besøkte Sogn og Fjordane. Forsikringar om at lokalt produsert kraft skal brukast lokalt, utsetjing av Søderberg-nedstenging, fleire millionar til næringsfond, utviding av Hydro sitt teknologisenter i Årdal samt den planlagde dørfabrikken var nok til at sjølv dei mest kritiske røystene forstumma på årsmøtet.

– Det er jo lokalpolitikarane og fagforeiningane som har jobba fram dette saman med Hydro. Eg opplever at dei er tilfredse og glade. Og når årdølane er nøgde, så er eg nøgd, sa Stoltenberg da han møtte pressa i går ettermiddag.

Dermed har både regjeringa og Hydro dempa dei sterke reaksjonane på at Søderberg-teknologien ikkje blir erstatta med ny og moderne produksjonsteknologi i Årdal og Høyanger.

Neste krossveg for aluminiumsindustrien i Sogn kjem i 2011, da dagens langsiktige kraftavtalar går ut. Etter det må Hydro betale marknadspris for krafta, noko mange meiner vil føre til at den attverande produksjonen ikkje blir lønsam nok.

Må ha kraftkontraktar

Dette tok blant anna representantar for fagrørsla opp med Stoltenberg i går, og kravde at regjeringa skaper rammevilkår for ein ny elektrolysehall i Høyanger. Kravet er endå sterkare bruk av statleg eigarmakt samt ein ny energipolitikk. Avklaring på kraftpolitikken er venta i ei stortingsmelding til våren, som vil ta opp problemet rundt billeg industrikraft i høve EØS og ESA-reglementet.

– Det stemmer at vi vurderer ei eller anna form for nytt regime innan industrikraft, seier Stoltenberg. – Det er snakk om ein eigen marknad, men eg er varsam med å gå i detaljar før vi har avklara dette.

Statsministeren peika elles på at Elkem eksempelvis har sikra seg langsiktige kraftavtalar gjennom svenske Vattenfall, og at regjeringa har sikra at Hydro har kunne byggje ut eigenkraft i Sogn gjennom opprustinga av kraftverka i Fortun og Tyin.

– Men likevel er det heilt grunnleggjande behov for meir kraft enn vi har tilgjengeleg i dag, seier Stoltenberg.

– Kontraktane går ut i 2011, og da kan det vere slutt for det som er igjen av aluminiumsproduksjonen i Noreg?

– Det er ikkje så svært mange i Noreg som veit kvar dei jobbar i 2011. Og vi veit likevel at kraftverka framleis vil stå der og produsere energi etter denne datoen også.

Gass til Sunnfjord

Årsmøtet var meir enn Hydro-nedbygging i Sogn, og Stoltenberg møtte blant anna sterke krav om at regjeringa må sikre at det lenge bebuda redningshelikopteret endeleg blir plasset i Florø.

Også dei omfattande industriplanane for Lutelandet i Ytre Sunnfjord vart tatt opp.

Det er snakk om prosessindustri som skal binde opp CO2 og omgjere problemgassen til industriråstoff.

Fjaler-ordførar Arve Helle måtte finne seg i å kome i skuggen av ein sterk og høglydt årdalsdelegasjon, men fekk likevel lagt fram problemstillingane for Stoltenberg.

– Det vi jobbar mest med no, er å få ei grein av det planlagde gassrøret mellom Kolsnes og Mongstad lagt til Lutelandet. Her treng vi hjelp frå staten, seier Helle til Bergens Tidende.

– Og svaret frå Stoltenberg?

– Det er eg i grunnen nøgd med. Meldinga var at staten er villig til å bidra til lønsame prosjekt.

Arkiv