39-åringen som er sikta for å ha avretta ekskona si i parkeringshuset ved tinghuset i Bergen har uttrykt sterk mistillit til både politi og rettsvesen. Han har i fleire omgangar meldt polititenestemenn i Bergen for lovbrot, blant anna etter at han vart tatt i laserkontroll. Han er ikkje nøgd med måten sakene har vorte etterforska på, og meiner dette gjer politiet i Bergen inhabile i drapssaka. Også lagmannsretten og tingretten stemplar han er inhabile.

Blir nekta innsyn

Marineoffiseren var tilsynelatande i godt slag då han vart ført ned i kjellaren i tinghuset i går, kledd i olabukse, grå treningsjakke og med kortklipt skjegg. Blikket var fast, og eksmannen var tilsynelatande uaffisert av dei alvorlege skuldingane.

Politiinspektør Svein Erik Krogvold bad forhøyrsretten om at 39-åringen og forsvarar Brynjar Meling ikkje skal få innsyn i vitneavhøyr og andre politidokument, i og med at den drapssikta sjølv ikkje vil forklare seg for politiet. Krogvold frykta at 39-åringen ville tilpasse ei eventuell forklaring til det han visste, og at han kunne øydeleggje bevis. Det fekk Krogvold medhald i av retten.

Hugsar bestefaren

Eksmannen held fast ved at han ikkje hugsar noko som helst frå drapsdagen. Nøyaktig når han mista minnet har han heller ikkje noko klar meining om.

— Eg hugsar bestefaren min, og at eg ein gong las ei bok av Aksel Sandemose, skal den sikta 39-åringen ha svart på spørsmål om det siste han hugsar før han vart tatt.

Samtidig har eksmannen sett seg godt inn i dokumenta i saka mot han. Han meiner skuldingane er grunnlause, og kan ikkje forstå kvifor politiet meiner han er drapsmannen.

I retten skal han ha stilt seg sterkt tvilande til om saka i heile tatt blir etterforska av politiet. 39-åringen meiner parkeringsbilletten som vart funne i bilens hans, stempla 08.52 drapsdagen, ikkje provar noko, og har etterlyst ei grundigare etterforsking av kven andre kona har hatt kontakt med.

I retten skal mannen ha framstått som svært sjølvsikker, og ha omtalt seg sjølv som «den sikta».

Overraska over aggresjonen

Avgjerda i forhøyrsretten påkjærte den sikta 39-åringen på staden til lagmannsretten. Også lagmannsrettens avgjerd om at Bergen tingrett ikkje er inhabil i saka vil bli klaga inn til lagmannsretten.

Forsvarar Meling har ennå ikkje tatt stilling til om han vil prøve å få kjent Hordaland politidistrikt inhabile.

— Eg var klar over at klienten min ikkje har tiltru til politiet i Bergen. Men at aggresjonen var så sterk, vart eg først klar over i rettsmøtet i dag. Eg må diskutere spørsmålet nærare med klienten min, sa Meling etterpå.

Han var ikkje overraska over at politiet nådde fram på alle punkt i går.

— Men eg meiner dei burde vore meir konkrete på kvifor det er nødvendig å nekte oss innsyn i politidokumenta, seier Meling. Han fekk tilbod av politiet om sjølv å få innsyn, på det vilkåret at han fekk teieplikt overfor 39-åringen.

— Dette har eg takka nei til, etter å ha drøfta spørsmålet med klienten min, seier Meling.

VIL NEKTA INNSYN: Politiinspektør Svein Erik Krogvold (til v.) bad forhøyrsretten om at 39-åringen og forsvarar Brynjar Meling (til h.) ikkje skal få innsyn i vitneavhøyr og andre politidokument, i og med at den drapssikta sjølv ikkje vil forklare seg for politiet.<p/>FOTO: GIDSKE STARK