– Eg hadde tenkt å nå gruppemøtet klokka halv ni. Der ville eg leggja fram sak om at vi risikerer dårlegare ferjetilbod når ansvaret for riksvegferjene går over frå staten til fylket.

– Men ferja mellom Austevoll og Krokeide har for lita kapasitet. Eg vart ståande att på kaien saman med ca. 20 andre. Det hjelpte ikkje å setja bilen att heller. For dei hadde for få redningsvestar.

Njåstad måtte venta på neste avgang, som var kvart over ni.

Frp-ordføraren frå øykommunen er rund nok i kantane til å sjå det ironiske i det forargelege.

Tar med livbelte

– Neste gong eg skal med ferja stiller eg med livbelte på, seier Helge André Njåstad.

Men realiteten i saka er alvorleg nok. Det innsåg også eit samla fylkesting. Utgangspunktet for saka er at regjeringa i Nasjonal Transporplan foreslår strengare krav til standard på ferjesamband. Samstundes foreslår regjeringa ei vidareføring av 2009-budsjettet på 1 776 millionar kroner til kjøp av ferjetenester på riksveg— og fylkesvegnettet.

Med andre ord: strengare krav til standard, men ikkje meir pengar. I realiteten betyr det mindre pengar.

Fem samband heng etter

Helge André Njåstad meiner at dette ikkje heng i hop. Fylgjande oppstilling, som Njåstad la fram for fylkestinget, viser kva som manglar i Hordaland på oppfylling av krav i Nasjonal Transport-plan:

  • 21 av 22 samband oppfyller målet om opningstid.
  • 17 av 22 samband oppfyller krav om talet på rundturar.
  • 21 av 22 samband oppfyller krav om attståande bilar på kaien.

Dei ferjesambanda som ikkje fullt ut oppfyller krava er Bruravik-Brimnes, Kvanndal-Utne, Gjermundshamn-Løfallstrand, Krokeide-Hufthamar og Fedje-Sævrøy.

Krav frå fylket

– Når fylka overtar ansvaret for ferje, må staten syta for at fylka vert i stand til å oppfylle heilt og fullt alle krav som skal stillast til ferjetilboda, seier Helge André Njåstad.

Njåstad fekk full oppslutnad om dette frå fylkestinget. Hordaland fylkeskommune ventar å få overført pengar nok i kommuneøkonomiproposisjonen til å oppfylla NTP standard på alle samband når fylkestinget overtar an-svaret 1.1.2010.

Fråsegna om dette går til Kommunaldepartementet, Samferdsledepartementet og til dei motsvarande komiteane i Stortinget.

VEL HEIMATT: Austevoll-ordførar Helge André Njåstad, Frp, meiner staten må setja fylka i stand til å oppfylla dei krav til ferjestandard som Nasjonal Transportplan krev. Etter det BT kjenner til, kom ordføraren om bord i «Stord» på Krokeide torsdag ettermiddag.
John Lindebotten