ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

Professor Ole Didrik Lerum leiar arbeidet med stø hand. Til hjelp har han ei rekke ekspertar på ulike felt.For gruppa som arbeider med saka er det optimale målet at det gamle huset ved Vosso ikkje berre skal bli ståande, men også ha fastbuande i andre høgda — og ei Bergslien-utstilling i første. Men Lerum skisserer også ei rekkje andre løysingar. Samarbeid med Voss Folkemuseum på Mølstertunet skal sikra at utgreiings- og registreringsarbeidet som no vert utført, ikkje skal vera fånyttes.

Fremste målsettinga er ei kulturløype frå Mølster til Dagestadmuseet, innom Bergsli-monumentet ved kyrja og huset ved elva. Av tryggleiksomsyn vil originalkunst måtte henga på Mølster, medan Bergslihuset truleg må nøya seg med informasjonsmateriell og appetittvekkande reproduksjonar. Minimumsløysinga, i tilfelle huset likevel blir rive, er å laga ein Bergslien-krok på Mølster. Men det er tenkt på fleire mellomløysingar også.

Største problemet er avløpsordninga dersom huset skal bli ståande, og særleg dersom nokon skal bu der. Teknisk etat har kravd huset rive av omsyn til ureiningsfåren for drikkevasskjelda for Vangen og sentrale delar av kommunen. Brønnområdet for grunnvatn er næraste nabo. Formannskapet har gitt dei verneinteresserte frist til 15. april med å arbeida fram eit truverdig alternativ.

Eit Bergslien-museum på Voss vil i liten grad tevla med museet som skal opna i Eidfjord i mai. Der er det Nils Bergslien som står sentralt, med sine populære nissemaleri i store format som har pryda veggar i fleire hotell. På Voss var det dei to onklane hans, Knut og Brynjulv, som heldt til. Brynjulv er mest kjend for rytterstatuen framfor Slottet i Oslo, der kong Karl Johan til hest skoder nedover Karl Johans gate. Knut er rekna som det største kunstmålaren av dei.