Stjernø har mista håpet

Leiaren for Stjernø-utvalet trur regjeringa vil leggje universitetsreforma på skraphaugen.

Framfor ein fullsett sal på Høgskolen i Oslo uttalte professor Steinar Stjernø nyleg at etter tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedals kvileskjer og statsrådsbyte i fjor haust, vil det ikkje vere politisk mogleg for SV å leggje seg ut med sektoren igjen.

Skarp kritikk frå universitets- og høgskulemiljøa har ikkje fått Stjernø til å tenkje annleis om innstillinga, berre om moglegheitene for å gjennomføre reforma. Han seier at SV har svikta det truverdet partiet har hatt blant tilsette og studentar i høgare utdanning. Årsaka er manglande oppfølging av Soria Moria-erklæringa, samt budsjettkutta som regjeringa påla Djupedal.

- Framfor eit valår kan det ikkje virke særleg freistande å fremje nye reformer som ikkje har støtte i sektoren, seier Stjernø til Morgenbladet.

- Ettersom det også kan hende at statsråden ikkje er einig i utvalet sitt hovudgrep heller, legg eg alt i alt til grunn at det ikkje blir nokon strukturreform denne gongen.

I sitt innlegg viste Stjernø til dei sterke protestane mot innstillinga til eit anna utval for høgare utdanning - Ottosen-komiteen på 1970-talet.

- Ottosen hadde rett, og vi kjem til å få rett, sa Stjernø.

Les også

Siste fra Lokalt

Omkom i møteulykke

To personer satt fastklemt.

Vikaropprøret i Ap sprer seg

Ledelsen i Ap blir mer og mer isolert i spørsmålet om EUs vikarbyrådirektiv. Til helgen kan også Bergen Ap si nei til direktivet.

Kabler falt ned i Sandviken

Politiet dirigerer trafikken mens BKK ordner opp.

Vann, is og slaps på veiene

Onsdag morgen må du passe deg, kuldegrader kan gi klink is.

Foreslår skole her

Pappa og arkitekt Svein Krohnhaug foreslår å flytte elevene ved Møhlenpris skole til området bak Johanneskirken.

Svelget 600 gr heroin, lovet 15.000

Ville du ha svelget heroin for å tjene 15.000 kroner? Kureren ble fristet med penger, men ble tatt med 600 gram heroin i magen.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger