Framfor ein fullsett sal på Høgskolen i Oslo uttalte professor Steinar Stjernø nyleg at etter tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedals kvileskjer og statsrådsbyte i fjor haust, vil det ikkje vere politisk mogleg for SV å leggje seg ut med sektoren igjen.

Skarp kritikk frå universitets— og høgskulemiljøa har ikkje fått Stjernø til å tenkje annleis om innstillinga, berre om moglegheitene for å gjennomføre reforma. Han seier at SV har svikta det truverdet partiet har hatt blant tilsette og studentar i høgare utdanning. Årsaka er manglande oppfølging av Soria Moria-erklæringa, samt budsjettkutta som regjeringa påla Djupedal.

— Framfor eit valår kan det ikkje virke særleg freistande å fremje nye reformer som ikkje har støtte i sektoren, seier Stjernø til Morgenbladet.

— Ettersom det også kan hende at statsråden ikkje er einig i utvalet sitt hovudgrep heller, legg eg alt i alt til grunn at det ikkje blir nokon strukturreform denne gongen.

I sitt innlegg viste Stjernø til dei sterke protestane mot innstillinga til eit anna utval for høgare utdanning - Ottosen-komiteen på 1970-talet.

— Ottosen hadde rett, og vi kjem til å få rett, sa Stjernø.