”Forjævlig stank”, var orda han brukte i hytteboka før han drog heim frå den årlege fiskeferi-en ved elva Nausta. Meld til politiet Den høgt profilerte skipsreiaren har drive laksefiske hjå elveeigar Ellinor Friis i Naustdal dei siste 20 åra. Også i år hadde milliardæren leigd seg inn i den nedste delen av leva i to veker, der han skulle fiske saman med tre bekjente. Men torsdag 12. juli var det slutt. Stanken låg tett, elva var brun og fisken var vekk.Elveeigar Ellinor Friis melde saka til politiet allereie 12. juli, same kveld som Fredriksen sa takk for seg og reiste. Ho vil finne ut kvifor det flaut ekstremt mykje landbruksgjødsel i Nausta denne dagen.– Det var forferdeleg. Elva skumma brunt, og vi har dokumentert dette med foto og vass-prøver, seier Friis til bt.no Full av gjødsel Og det er liten tvil om at elva gjekk full av husdyrgjødsel.– Ei av vassprøvene synte bakte-rieverdiar på 12.300 pr. hundre milliliter. Normalt reknar ein verdiar på over tusen som svært høge, forklarer elveeigaren.Nede i dalføret går lakseelva Nausta gjennom eit lengre jord-bruksområde, med gardsbruk på begge sider. Friis fortel at gjødsel har vore eit problem også tidlegare år, men aldri så ille som denne sommaren.– Eg veit jo ikkje om dette er medvitne utslepp, eller om det skuldast at bødene har vore uheldi-ge eller uforsiktige, seier ho. – Difor har eg meldt saka til politiet, og eg håpar at dei vil finne fram til den eller dei ansvarlege. For dette går ikkje.Elveeigaren skal onsdag ha eit møte med politiet om saka. Ho har også varsla både fylket, kommunen og dei lokale bondeorganisasjonane om det som skjedde.