• Ver vaken! Me har ikkje råd til å tapa kampen om ny Arbeidsmiljølov.

Det var bodskapen til fleire hundre arbeidarar som hadde møtt opp på torget på Leirvik i dag.

Det lyste i raude og oransje arbeidskle. Knallraude faner og plakatar med raud skrift varsla om kamp. Under ein plakat med påskrifta «Nei til midlertidige ansettelser», møtte bt.no tre streikande arbeidarar.

— Me har så lett for å sovna og bli bedøvd. Tenkjer ikkje over kva som kan skje. No fryktar me meir midlertidige tilsette, seier Kurt Jansen som arbeider ved Aker Kværner Elektro.

— Eg jobbar som lærling. Det er viktig for meg å få ei sikker framtid, seier Julio Diaz frå Aker Stord.

— No håpar me politikarane tek dette til etterretning og høyrer på oss, oppmoda Øystein Gjerde, også han tilsett ved Aker Kværner Elektro.

Glødande appellar blei halde av mellom andre SV-politikar Nils Magne Blålid, Ap-politikar Aud Berit Alsaker Haynes, Jan Olav Andersen frå El. og IT-forbundet og Atle Teigland, konserntillitsvald i Aker Kværner ASA.

— Ei politisk markering på to timar er lite verdt dersom ikkje folk vaknar. Vernet for arbeidstakarane forsvinn. Det kan blir meir mellombels tilsette. Dette handler om at du skal ha råd til å betala husleiga. Det handler om å sleppa stå med lua i handa, seier Teigland til bt.no.

FOTO: LENA VERMEDAL