Tangaroaekspedisjonen byggjer laget. I skjergarden utanfor Florø, farvatnet til ekspedisjonsleiar Torgeir Sæverud Higraff, har dei kasta loss for å sigle vestover. Ikkje på balsaflåte, men på seglbåten til ekspedisjonsleiarens slektning, Jan Midtbø.

— Eg trur ingen ekspedisjonar har drive med så mykje teambuilding i framkant som oss. Det har sjølvsagt å gjere med at ferda blei utsett eitt år. Dette er sjette gongen vi er samla, seier Higraff.

Julebord og vikingskip

Tidlegare har dei mellom anna tatt julesauna hos «svensken», fotograf Anders Berg i Torsby. Dei har vore på besøk hos «forskaren», Dag Oscar Oppen-Berntsen Stavern. Dei har sigla vikingskip i Møre og Romsdal med «kapteinen», Bjarne Krekvik, som til dagleg er båtførar og hotellmedarbeidar ved Håholmen, Ragnar Thorseths fiskevær og kompetansesenter.

— Kan det ikkje bli for mykje av det gode?

— Det er faktisk eit poeng. Thor Heyerdahl sette saman eit mannskap som ikkje kjende kvarandre. Han var veldig bevisst på det, dei skulle ikkje bli leie av kvarandre. Vi kan jo risikere at alle historiene våre er fortalde før vi set segl, seier Torgeir Sæverud Higraff.

101 dagar

28. april skal Tangaroaekspedisjonen starte flåteseglasen frå Lima i Peru. Det er på dagen 59 år sidan Thor Heyerdahl la ut frå same landet med balsaflåten Kon-Tiki. Etter å ha drive med vind og straum i 101 dagar, steig han i land i Polynesia. Dermed hadde Heyerdahl bevist at øyane i Stillehavet var innanfor rekkevidde for flåtane sør-amerikanarane brukte.

Tangaroaekspedisjonens mål er at dei skal følgje kjølvatnet til Heyerdahl, og at dei i første halvdel av august 2006, helst etter 101 dagar, skal kjenne fast land under beina i Polynesia.

Før dei set ut blir det travle dagar. Sponsorar skal lanserast, seminar skal haldast, bokavtale skal underskrivast, pressekonferansar skal haldast, sjøfart skal studerast, segl skal syast, spansk skal lærast, utstyr skal testast. Ein peruanar skal attpåtil plukkast ut som deltakar på ekspedisjonen.

Ureining

Så i februar skal tømmeret til flåten hoggast Ecuador, og 30 balsastokkar fløytast til Peru på elva Quevedo. Akkurat det er i 2006 ei langt større utfordring enn det var for Thor Heyerdahl i 1947. — Elva er neste grodd igjen, fortel ekspedisjonsmedlem Olav Heyerdahl, barnebarn til Thor.

Årsaka er ein kombinasjon av globale klimaendringar og ureining. Skifte i klima gjer at det regnar mindre enn før i dette området. Då Thor Heyerdahl henta tømmeret sitt gjorde han det i ein liten landsby. No har landsbyen blitt ein by med over 100.000 innbyggjarar der kloakken går rett i elva.

— Det er eigentleg ganske ubeskriveleg ille. Vi må høgtrykksspyle balsastokkane før vi tek til med bygginga av flåten, seier Sæverud Higraff.

Dersom regntida slår til som vanleg, håpar ekspedisjonen at tømmeret skal kome med elva til Callao i Peru til 1. mars. Det gjev Tangaroamedlemene nesten to månader på å byggje flåten og teste både den og utstyret.

Kurs mot havet

Båteigar Jan Midtbø let motoren styre ut frå båthamna i Florø.

Kursen er sett mot dei titals øyane vest om Florelandet. Som seg hør og bør er det kommande Tangaroakapteinen Bjarne Krekvik som tek ansvar og heiser sigla nokre hundre meter frå land. Fotograf Anders Berg dokumenterer alt som skjer.

— Her er det aldeles nydeleg, konstaterer Dag Oscar Oppen-Berntsen.

Tangaroakarane øver seg i lag. For første gong har dei reist til ekspedisjonsleiarane trakter i Flora. Denne dagen er det segling. Går dei flaumstore elvane ned, blir det hjortejakt i Norddalsfjorden seinare. I haust skal dei vere med Olav på hytta bestefar Thor Heyerdahl brukte å vere. Og det blir etter alle solemerke, isbad, badstove og julebord i Sverige.

— Men går det eigentleg an å øve på at seks mannfolk skal bu saman på ein liten flåte i 101 dagar?

— Eigentleg ikkje, vedgår Torgeir Sæverud Higraff. - Men eg føler vi er ein bra gjeng. Vi har hatt våre første konfliktar, og kome frå det. Eg trur det skal gå bra.

Motoren blir slått av. Stilla rår. Til flymotorane brått brøler i lufta før landing på Florø lufthamn. Etterpå er berre fuglar og vind, sjø og himmel, sol og nokre regndropar, øyar, holmar og skjer. Slik det vil vere i 101 dagar på Stillehavet. Med unntak av øyane, holmane og skjera. Og kanskje eitt og anna fly i lufta der oppe.

I BESTEFARENS KJØLVATN: Som bestefaren Thor, skal Olav Heyerdahl sigle på flåte over Stillehavet. FOTO: TERJE ULVEDAL