Buss 401 til Storavatnet er nesten tom, då sjåføren svingar ut frå perrongen på Bystasjon i Bergen klokka 11.55.

Berre éin passasjer har løyst billett på denne turen, ein eldre kar langt bak i bussen. Frå høgtalaren høyrest så vidt duren av NRK Hordaland.

Elles er det stille.

Ingen har trykt på stoppknappen, ingen står og ventar på haldeplassen i Michael Krohns gate. Men den digitale klokka lyser 12:00, og HSD-sjåfør Bjørn Terkeldsen blinkar seg inn og slår av motoren.

Så hektar han ned mikrofonen.

— Då er klokka tolv. Eg vil be om eitt minutts stillheit til minne om vår kollega Audun Bøland, seier han.

Audun Bøland var sjåfør på Valdresekspressen, og køyrde frå Årdal til Oslo 16. februar. På jobb vart han overfalt og drepen av ein passasjer, men klarte først å forhindre at bussen med eit trettitals passasjerar havna utfor ein skrent.

Halvanna veke seinare, i ei stille busslomme i Bergen, stikk kollega Terkeldsen handa inn på brystet, og fiskar ut eit papir. Så brettar han forsiktig ut erklæringa frå forbundet til bussjåførane.

— Vi er alle djupt sjokkerte over denne grufulle handlinga, ei hending som har merkt oss alle. Men vi er stolte over hans heroiske innsats. Vi, hans kollegaer over heile landet, vil ære minnet hans med ein kort stans og ett minutts stillhet, les han.

Og stilt blir det.

Først når dei raude tala lyser 12.02 fortset sjåføren på buss 401 ruta til Storavatnet.

GRAVFERD: I dag stod alle bussar i Norge stille i eitt minutt, for å markere gravferda til sjåfør Audun Bøland.
FOTO: SCANPIX