OVE ARNE OLDERKJÆR

-Ei fin markering, sa Atle Haukøy. Den pensjonerte ferjeskipperen frå Osterøy som mista kona si Ruth Marit i forliset 26.november 1999, deltok i minnestunda på Ryvarden fyr i går, slik han gjorde samme stad på eitt— og toårsdagen til ei av Vestlandets verste skipsulukker.

Faklar, song, minneord og ei stille stund der berre dønningane nedanfor "Sleipner"-minnesmerket gav lyd. Like etter at tidspunktet for "Sleipner"s undergang var passert klokka 19.36, gav sørgåande snøggbåt lydsignal idet han passerte lysglimta på Bloksene. Nymånen bak skyene understreka den spesielle stemninga.

Sjukehusprest Gro Håvåg Stensnæs, Sveio-ordførar Jorunn Skåden, Tove Følid frå Minnemerkegruppa og Lars Nervik frå Røde Kors Hjelpekorps sa fram minneord. Andre Søfteland, klassekameraten til ein av dei omkomne i ulukka, Wim Christer Følid song Ave Maria og Halleluja.