• Vi har hatt ein roleg og grei skuledag. Elevane taklar situasjonen veldig godt, seier Trude Aamot, rektor ved Nysæter ungdomsskule i Sagvåg.

13-åringen som har vedgått å ha drept sin tre år gamle fosterbror er elev ved skulen.

Alle dei vel 220 elevane blei mandag morgon tekne imot i klassane sine av kontaktlærarer før det var fellessamling i gymnastikksalen på Nysæter.

Få spørsmål

— Der ønskte eg alle velkomne tilbake etter haustferien, og orienterte om det som skjedde før helga. Elevane virka godt budde. Dei har tydelegvis hatt samtalar om dette, og stilte få spørsmål på samlinga, seier Aamot.

Første skuledag var også representantar for Helse Fonna og kommunehelsetenesta til stades på Nysæter.

— Vi har auga på elevane, og følgjer med på det som skjer. Dei som treng nokon å snakka med, får høve til det. Vi kjem til å ha ein viss beredskap i bakhand ei tid framover, seier Nysæter-rektoren.

Etter fellessamlinga gjekk elevane tilbake til klasseromma og var saman med kontaktlæraren første timen før skuledagen kom inn i eit meir normalt gjenge. Ifølgje rektor var det ekstra beredskap rundt 8.-klassen der 13-åringen er elev.

Helsingar til 13-åringen

— Nokre elevar har skrive helsingar til han i samband med dei samlingane som har vore i kyrkja på Nysæter, seier Trude Aamot.

Utanfor huset til 13-åringen og familien hans er det lagt ned blomar og tent lys forma som eit hjarte.

Nysæter-rektor Trude Aamot seier at situasjonen har vore krevjande også for lærarstaben, men er glad for at også dei har takla det fint. Ho gir også honnør til innsatsen som foreldra til Nysæter-elevane har gjort dei siste dagane.

— Det var ein annan stemning på skulen enn vanleg, men det var prega av ro og ettertanke. Heile stordsamfunnet har gjort ein god jobb. Vi har ikkje følt oss åleine, seier Trude Aaamot.

Trappa ned

Kommunalsjef i Stord kommune, Mariann J. Hilt var også til stades på Nysæter ungdomsskule då elevane i dag kom til første skuledag etter haustferien. Ho fortel at kommunen sin kriseberedskap i samband med Sagvåg-drapet er i ferd med å bli trappa ned.

— Vidare oppfølging vil bli ivareteken av helsepersonell og kommunehelsetenesta. Det er viktig at dei som står oppi dette ikkje føler seg åleine, seier Hilt.