— Vi har innstilt på at vedkommande politimann skal få bot for lekamsfornærming, opplyser Ivar Svendsgaard, leiar av SEFO i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.Tilrådinga frå SEFO vart torsdag oversendt Statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som avgjer om politimannen frå Florø skal straffast. Ei bot for lekamsfornærming ligg normalt på mellom 3000 og 6000 kroner. På fest Det var etter ein fest i Florø sentrum at Tonheim vart meld til politiet. Vorspielet hadde vore hos ein kamerat, og der hadde Tonheim også parkert bilen. – I bilen låg også nøklane til huset mitt. Difor måtte eg tilbake for å hente dei, fortel Tonheim. Då han kom fram, kom naboen og eigaren av plassen der bilen stod parkert. Naboen forlangte og fekk bilnøklane. Så bestilte Tonheim seg skyss heim. Det var medan han venta på skyssen at politiet dukka opp. Dei ville vite om 30–åringen hadde køyrt bilen, noko han nekta for. Deretter vart han påsett handjarn, og geleida inn i baksetet på politibilen. – Slo med knytta neve - Der fekk eg beskjed om å setje meg lenger bakover i setet. Men det greidde eg ikkje, fordi eg hadde handjarn på og hendene bak ryggen. Då eg ikkje greidde å lene meg bakover, slo politimannen meg i fjeset med knytta hand, fortel Tonheim.Etter køyreturen hamna Tonheim på glattcelle. I løpet av natta kom politimannen inn fleire gonger og ba florøværingen tilstå promillekøyring.– Eg nekta heile tida, og ba også om å få snakke med advokat. Tredje gangen tenestemannen kom inn, sleit han meg opp frå golvet og kasta meg i celleveggen, fortel Tonheim. Meld til politiet Til Bergens Tidende seier Tonheim at politimannen dagen etter vedgjekk at han brukte vald.- Vi har nok vore litt hardhendte med han. Det er noko som må til i vårt arbeid, skal politimannen ha sagt til Stig Tonheims mor. Like etter junihelga melde Stig Tonheim politimannen for unødig valdsbruk.SEFO har gjennomført fleire avhøyr i saka, og konkluderer no med at det er grunnlag for å bøtelegge tenestemannen. Utover å stadfesta tilrådinga om bot, ønskjer ikkje SEFO–leiar Svendsgaard å kommentere saka. Mistenkt for promille Men sjølv om ein av tenestemennene i Florø–politiet ser ut til å få valdsbot, mistenkjer Florø–politiet framleis Tonheim for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Saka vert difor etterforska vidare. Tonheim fekk beslaglagt førarkortet, men nekta å akseptere dette. Politiet tok deretter saka til forhøyrsretten, der dei nyleg fekk medhald i førarkortbeslaget. Det inneber at retten meiner det er skjellig grunn til mistanke om at 30–åringen frå Florø verkeleg køyrde bil natt til søndag 17. juni.

LANGT OVER STREKEN: Stig Tonheim seier han har fått psykiske vanskar etter arrestasjonen i Florø. Statsadvokaten avgjer om polititenestemannen skal straffast.
Foto: Egil Aardal