ERLEND SPURKELAND

– Før hadde eg alltid fiskestong med på tur. No er den erstatta av einesaks og spade, smiler stimannen, som minst ein dag for veka årstidene gjennom er ute på stirydding. Pluss at han på fritida lagar stiskilt og stipinnar og går på tiggarferd til lokale bedrifter etter materialar og reiskap.

Lødøen avviser at stiryddinga er vorte ein mani.

– Vel, kanskje litt, då, kjem det ettertenksomt etter ei stund. Familie og venner har diskret antyda at han gjerne kunne ta det litt meir med ro.

– Men stiarbeidet gjev meg helse, oppleving, overskot og sosial kontakt. Og nokon må jo ta vare på alle dei gamle kulturstiane som held på å gro att!

Han fortel at ukjende folk kjem og takkar han opp i handa for arbeidet han gjer.

Observant

Stien gjennom Fossevatna naturreservat i Alversund føyer seg diskret inn i terrenget. Stolpebruer fører turfolk tørrskodde over dei store myrane. Med yrkesbakgrunn som ingeniør i kraftlaget har Lødøen hatt god tilgang til stolpar.

– Sjå der, du. Med eitt er han borte i nokre buskar. Eit lite reir. Peikar på ein feit frosk under ei bru. Ei andemor med ungar glir inn i sivet. Heile tida les han naturen.

Sjølv kunne han greidd seg med å gå på tur etter slike dyretrakk.

– Men folk vil ha meir i dag. Skal du få dei ut or stova må det tilretteleggjast betre.

Nokre av stiane ligg der frå gammalt av, og er berre rydda fram igjen av stifinnar Lødøen. Men dei fleste har han stukke ut og fysisk laga sjølv; nokre steinar å stiga på i blautmyr, litt grøfting, ei lita bru, merkepålar. Og så den evige ryddinga av vegetasjon.

Nye løyper

– All natur har sin kvalitet, reflekterer Per stifinnar, som har padla det meste av kyst og vatn i Nordhordland, og gått på dei fleste fjell. Han er forelska i heile distriktet, så det er vanskeleg å peika ut favorittområde. Men kysten, med lyset, havet, og den vide horisonten er han svak for. Hans personlege paradis er området ved Kvalvågnes/Lindåspollane. Ein kombinasjon av strandvandring på lødøenstiar og padling på vågar «du aldri har visst om». Turmannen ein draum om å knyta saman stiar frå Feste, via Titland, Skare, Elsås, Alversund og heilt til Knarvik.

Ein skikkeleg heildagstur.

RYDDAR VEG: Per Lødøen har gått på dei fleste fjell i Nordhordland, og er forelska i heile distriktet. Han har rydda milevis av stiar for at også alle andre skal få ta del i naturopplevinga. FOTO: ERLEND SPURKELAND
LITEN MANI: Stiarbeidet gjev meg helse, oppleving, overskot og sosial kontakt, fortel Per Lødøen (68). FOTO: ERLEND SPURKELAND