HILDE KRISTIN STRAND

— Eg merka at me kom til å kræsja, seier Stian Karlsen Hjertholm.

Saman med Andreas Karlsen Bergo og ein annan kamerat var Stian på sjøen onsdag kveld. Dei hadde nett svinga til høgre og såg ein annan båt koma imot.

— Båten trefte nokre bølgjer og heiste seg opp. Jentene som var om bord såg ikkje oss, og trefte båten vår midt på eine sida, fortel Stian.

Delar av gutane sin båt hamna i sjøen. Det vart òg hol i sida, slik at det kom inn mykje vatn. Tredjemann som var med hadde ansvaret for å styra medan Stian prøvde å hjelpa Andreas.

Låg under båten

— Eg lukka augene. Då eg opna dei att låg Andreas i sjøen. Redningsvesten pressa han opp under båten, fortel 12-åringen.

Andreas låg under vatn, og då han kom oppatt i båten viste det seg at han hadde svelgd eindel vatn.

— Eg måtte pressa han ned i sjøen for å få han laus før eg kunne draga han opp. Det var litt tungt, men eg måtte, seier Stian.

Han fortel at han ikkje fekk tid til å verta skikkeleg redd, alt skjedde så fort. Men redsla kom etterpå.

Andreas seier ikkje så mykje, han vil at kameraten skal fortelja. Gutane sit attmed kvarandre på kaien, nesten nøyaktig eitt døger etter ulukka.

— Stian er ein helt, slær mor Anne-Grethe Karlsen fast. Det er Andreas samd i.

— Det var fint at Stian var der, seier han.

- Fekk ikkje vita så mykje

Foreldra til Stian skulle henta han ved Halhjem i 21-tida onsdag. Men då gutane hadde kome seg vel til land ringte Stian heim.

— Eg vart redd. Eg fekk ikkje vita så mykje med ein gong, eg berre heiv meg i bilen, fortel Anne-Grethe.

— Det kunne gått mykje verre, seier ho.

Onsdag kveld hadde dei kontakt med jentene i den andre båten.

— Dei hadde det ikkje heilt godt den kveld dei heller, seier Anne-Grethe.

Både ho og mannen Helge Hjertholm synest det er viktig at gutane kjem seg fortast mogeleg ut på sjøen att. Helge tok dei difor med ein tur torsdag.

— Det var litt rart, me visste ikkje om me torde, seier Stian og Andreas.

Men det gjorde dei, sjølv om eit stort blåmerke på Andreas sitt vestre lår viser at båtturen onsdag ikkje var heilt som andre båtturar.

REDNINGSVESTEN SAT FAST: Andreas sin redningsvest gjorde at 11-åringen vart sitjande fast under båten. - Eg fekk båten oppå hovudet, seier han. Då var det bra at tremenningen Stian fekk uante krefter og fekk drege han oppatt i båten.<p/>FOTO: HILDE KRISTIN STRAND