Resultata frå dei nasjonale leseprøvene på 5. og 8. skuletrinn er no klare.

Dei viser at åttandeklassingane i Sogn og Fjordane ligg heilt i norgestoppen med eit snitt på 3,2. Det er fem kunnskapsnivå i testane på åttande trinn, tre nivå på femte trinn.

Åttandeklassingane i Hordaland følgjer like bak med eit snitt på 3,1.

Nøgd utdanningsdirektør

På femte trinn er Sogn og Fjordane eit stykke ned på lista, medan Hordaland sine femteklassingar gjer det betre.


Sjå fleire resultat: Alle kommunar i Hordaland, 5. trinn | Alle kommunar i Hordaland, 8. trinn | 10 største kommunar | Alle resultata finn du her.

Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde er nøgd med at Hordaland kjem høgt på fylkeslistene.

— Men eg er oppteken av me ikkje kan sjå berre på einskilde resultat. Me må sjå på utviklinga over år, seier Lunde.

- Betre lærarar

I Hordaland har det vorte satsa mykje på den tidlege lesetreninga. Det gjev resultat, meiner ho.

— Lærarane synest òg å ha vorte betre til å leia læringsarbeidet, seier Lunde.

Ho seier at lærarane må leggja vekt på motivasjon og meistring viss resultata skal bli endå betre.

— Det er ein pedagogisk utfordring, seier Lunde.

Resultata fylkesvis:

Nasjonale prøver, lesing 8. trinn
Fylke Snitt
Akershus 3,2
Oslo 3,2
Sogn og Fjordane 3,2
Hordaland 3,1
Møre og Romsdal 3,1
Oppland 3,1
Sør-Trøndelag 3,1
Troms 3,1
Aust-Agder 3
Buskerud 3
Hedmark 3
Rogaland 3
Telemark 3
Vest-Agder 3
Vestfold 3
Finnmark 2,9
Nordland 2,9
Nord-Trøndelag 2,9
Østfold 2,9
Norske skoler i utlandet 3,3
Nasjonale prøver, lesing 5. trinn
Fylke Snitt
Akershus 2,1
Oslo 2
Hordaland 2
Møre og Romsdal 2
Sør-Trøndelag 2
Troms 2
Buskerud 2
Hedmark 2
Vestfold 2
Sogn og Fjordane 1,9
Oppland 1,9
Aust-Agder 1,9
Rogaland 1,9
Telemark 1,9
Vest-Agder 1,9
Finnmark 1,9
Nordland 1,9
Østfold 1,9
Nord-Trøndelag 1,8
Norske skoler i utlandet 2