Kjemien stemmer dårleg mellom Sp sin forhandlingsleiar Knut Johannes Helvik (53) og ordførarkandidat Knut Prestnes (54). Også etter at Prestnes i går melde seg inn att i partiet etter to dagar på utsida.

Business framfor bønder

Bøndene styrer ikkje lenger Senterpartiet i Kvinnherad. Helvik har industriell suksess i Kvinnherad Elektro og er rekna som sterk talsmann for Rosendal sine interesser.

Prestnes står bak framgangsrike HMR Group, og har fremja vekst på Husnes i konkurranse med i første rekkje Stord.

Begge avviser at den tradisjonsrike bygdekrangelen mellom Husnes og Rosendal lenger har nokon politisk innverknad. Likevel gav polariseringa sterke utslag for Sp, som i valet suste inn i kommunestyret med den største gruppa. Av ni medlemmer er berre Knut Prestnes frå ytre luten.

Likar å fråtsa

Striden mellom indre og ytre luten av kommunen er kraftig overdriven. Men nokre likar å fråtsa i det. Usemja i partiet har med politiske vegval å gjera, ikkje geografi, seier Knut Johannes Helvik.

— Er du og Prestnes motpolane i gruppa?

— Ingen kommentar.

Helvik vil i det heile ikkje kommentera forholdet sitt til Knut Prestnes.

Prestnes melde seg til teneste att for Sp og ordførarvervet i går. Han hevdar å ha fått gjennomslag for at det skal lagast ei politisk plattform i samarbeid med andre parti, også Arbeidarpartiet, før taburettane blir fordelte.

Kloster: «Terrorbalanse»

— Striden mellom indre og ytre delar av Kvinnherad er ein sunn terrorbalanse, seier framleis sitjande ordførar Aksel Kloster til Bergens Tidende.

— Den eine parten passar på den andre i ein hårfin terrorbalanse. Det gjer det politiske miljøet rikare. Element av patriotisme er også positivt og gir farge til politikken, meiner Kloster. Som har levd med bygdestriden i Kvinnherad heilt sidan han tok til i politikken i 1975.

— Hugs at det her er fire kommunar som er slegne saman, ein kommune som strekkjer seg nesten frå Haugesund til Voss, seier Aksel Kloster.

- Aktivt lokaldemokrati

Kloster ser ikkje den beinharde striden som no pågår i Kvinnherad, som skadeleg og vanærande for demokratiet.

— Det som no skjer, er utslag av eit aktivt lokaldemokrati. Det avspeglar eit kolossalt engasjement, der alle søkjer posisjonar og makt. Det er betre enn passivitet og apati, meiner ordføraren.

— Midt oppi dette er det ein pågåande debatt om senterutvikling, der politikarane tidlegare har satsa på Rosendal og Husnes. På kvar av stadene er det ei viss otte for at det eine senteret dreg frå det andre.

Eit 25-årig kompromiss seier at Rosendal skal vera administrativ hovudstad, og at Husnes skal vera skulesenter. Det har ikkje hindra at den største bygda, Husnes, dei siste åra har trekt til seg fleire og fleire administrative funksjonar.