Dette melder styreleiar Aksel Kloster i ei pressemelding.

Det har køyrt totalt 75.510 køyrety gjennom tunnelen dei fyrste seks månadene, medan tilsvarande tal for same periode i 2003 var 65 918.

Størst auke var det i mai då det passerte 17.131 køyrety gjennom tunnelen, ein auke på 3992 passeringar i høve til året før.

Pinsehelga må nok ta "æra" for denne rekordmånaden. Størst trafikk var det 2. pinsedag med 854 køyrety.

— For økonomien til Folgefonntunnelen AS er trafikkauken gull verdt. No ventar me i spaning på tala for siste halvår. I 2003 var trafikkveksten på 5 prosent. Dette var eit overskot for tunnelselskapet på 2,6 millionar kronar. Me ventar høgare trafikkvekst, og vonleg betre økonomisk resultat i 2004, seier styreleiar Aksel Kloster.