Det var fiskaren Arne Aga (39) frå Bremnes som var først i den vesle køen som danna seg framfor butikkdøra i Sekstanten kjøpesenter på Svortland klokka 10 i dag. Aga fekk blomar, kake og kaffi av butikksjef Sjur Færevåg og hans tre butikkmedarbeidarar.

— På tide at Bømlo fekk pol. Me treng det. No slepp me å køyra til Stord eller Haugesund, eller kjøpa smuglarsprit, seier Arne Aga til bt.no idet han fer heim til kona med 37,5 alkholprosent sterk sprit i blåposen.

— Eg har tidlegare spita med at eg skulle vera førstemann som handla på Bømlo-polet. Og slik gjekk det, utan at eg trong å overnatta utanfor i sovepose, skøyar Aga.

Det var Vinmonopolets 173. utsal som opna på Bømlo i dag. Torsdag kjem nummer 174 og 175 i Kautokeino og Rakkestad, og før året er omme er det 180 utsal i Noregs land. 70 av dei vil vera sjølvbetjente, men ikkje det på Svortland. Det har Bømlo-politikarane bestemt.

Ordførar Inge Reidar Kallevåg var også til stades ved polopninga, og gjekk heim att med to flasker italiensk Amarone-vin som betjeninga hadde tilrådd. Først i slutten av veka får utsalet inn Caiano-vinen som bømlingen Kristian Eidesvik produserer på garden sin i Toscana i Italia.

— Handelslekkasjen frå Bømlo er eitt av dei viktigaste argumenta for at Bømlo trong eit vinmonopolutsal. No får me eit større og meir komplett varetilbod. Trekantsambandet gjorde handelskonkurransen endå hardare, dette er eit bidrag til å styrkja Bømlo-handelen, seier ordførar Kallevåg til bt.no.

FØRST I KØEN: Fiskaren Arne Aga var første kunde i det nye Vinmonopol-utsalet på Bømlo, og fekk blomar i døra av butikksjefen, den tidlegare fiskeoppdrettaren Sjur Færevåg.
Foto: Ove A Olderkjær