Gunnar Solheimsnes i Nordhordland Industriservice har hatt suksess med å få folk på attføring ut i arbeid.

Han og hans kollegaer spelar på eit omfattande nettverk.

— Vi smiter dei inn kjøkkenvegen. 60 prosent av jobbane i Hordaland vert ikkje lyst ut, seier han.

Små og mellomstore private bedrifter er Solheimsnes viktigaste allierte.

— Der du kan ta ein telefon direkte til dagleg leiar.

Med unntak av barnehagar og skulefritidsordninga er døra stengt i stat og kommune.

— Ringer du til teknisk etat er dei sjølvsagt glade for å få gratis arbeidskraft i tre til fem månader.

Men det blir med det.

— Du får ikkje nokon jobb.

Fem år etter sjukmeldinga er Torhild Fosse (46) tilbake i arbeid.

Ho er full av ros over Nordhordland Industriservice som fekk henne inn i arbeidslivet att.

I Gildebygget i Eidsvågen i Bergen leiger verksemda plass til avdelinga «Back to business».

Ideen er å få folk inn, kartleggje kunnskap og arbeidsevne, motivere og byggje opp sjølvtillit - og så få dei ut i arbeid og opptrening rundt om i næringslivet i Hordaland.

— For meg var det heilt suverent å kome hit ut, byggje opp sjølvbiletet og ikkje minst føle at du betyr noko i samfunnet, seier Fosse.

Ho er den fødde seljar, og pizzabotnen frå arbeidsgivar Tine vert demonstrert med liv og sjel i OBS-butikken på kjøpesenteret Lagunen i Bergen.

Privat hjartelag

Hjartelaget er større i privat enn i offentleg sektor meiner direktør Johan-Martin Leikvoll i Attføringsbedriftene, ein organisasjon for storparten av verksemdene som jobbar med å få folk på attføring ut i arbeidslivet. (Nordhordland Industriutvikling er ikkje medlem)

— Det er ein myte at det offentlege går føre, seier Leikvoll.

90 prosent av dei som kjem ut i jobb frå Attføringsbedriftenes medlemer hamnar i det private næringsliv.

Trass i den låge arbeidsløysa er det framleis store grupper som er utanfor arbeidsmarknaden.

— I Noreg finnes det ei rekke menneske som kunne få jobb, viss tilhøva vart lagt til rette for det, seier Leikvoll.

Han ramsar opp; 80.000 på attføring, 320.000 uføretrygda, 60.000 sosialhjelpsmottakarar, 50.000 arbeidslause og 100.000 sjukmelde. Ei gruppe av desse er for sjuke til å arbeide, men sjølv mellom dei uføre er det folk som kunne kome i jobb.

Gunnar Solheimsnes i Nordhordland Industriservice har gitt opp å ringe til stat og kommune.

I det offentlege er reglane for stivbeinte. Alle stillingar skal lysast ut, og ledige i andre deler av verksemda har uansett førsteretten til jobben. Dermed er folk på attføring vippa av lasset.

— Det er for byråkratisk. Det offentleg har ikkje høve til å tilsette nokon av våre, sjølv om dei gjer aldri så god jobb. Regelverket må endrast for at vi skal rette på dette. seier Solheimsnes.

I JOBB: Etter fem år er Torhild Fosse attende i jobb. Fosse reiser rundt i butikkan for å demonstrer varer frå Tine. 90 prosent av dei som kjem ut i arbeidslivet etter å har fått tilbod om attføring for jobb i private bedrifter.
Høvik, Tor