For Statens vegvesen sine budsjett er reparasjon litt gunstigare, men samfunnskostandene kjem i tillegg, og der rullar millionane fort. E16 er særleg utsett på grunn av høge trafikktal og lange omkøyringsvegar.

Etter etaten si handbok vil det kosta 40 millionar kroner året om E16 vert delvis stengt, slik at 70 prosent av bilane får ti minutts opphald i gjennomsnitt.

Same arbeidet kan gjerast på fire månader ved full stans i trafikken, men omkøyringa om Hardanger vil kosta samfunnet 83 millionar kroner.

I tillegg kjem Statens vegvesen sine eigne kostnader med omkøyringane.

Ved rehabiliteringa av Helletunnelen og Dalevågtunnelen køyrde småbilar i kolonne på gamlevegen, medan store bilar måtte køyra om Hardanger. På båe vegane vart det gjort utbetringar, og til kolonnekøyringa heldt etaten leiarbil med førar.

— Hadde ein sett føre seg dei auka kostnadene med trafikkavviklinga, hadde det vore fornuftig å byggja Dalevågtunnelen i ein ny trase ved sidan av, skriv prosjektleiar Arne Eltvik i evalueringsrapporten.

Arnfinn Ansok åtvarar mot å dytta problema framfor seg i ein uendeleg runddans - med stadige stengingar, frustrasjon og dårleg effektivitet.

— Held vi fram etter denne modellen, er det berre eit tidsspørsmål før vi er pressa opp i eit svært ubehageleg hjørne, seier han.

I tunnelane i Hordaland var det i 2009 heile 205 stengingar på til saman 920 timar. Med andre ord stod trafikken stille på grunn av trøbbel i ein eller annan tunnel i fylket tilsvarande 38 døgn, på eitt år.