Slik vêrmeldingane er no, kan ikkje vegvesenet sende mannskap opp i den stupbratte fjellsida før over helga. Denne veka vil vegvesenet konsentrere seg om å spyle fjellsida frå helikopter.

— Vegen blir tidlegast opna fredag 23. mars, seier rådgjevar i Statens vegvesen, Paal Fosdal.

— Kan stenginga vare lenger?

— Det vi har sagt er at vi ikkje kan opne vegen før tryggleiken er slik han var før raset som gjekk 1. mars.

I praksis er dermed riksvegen stengt på ubestemt tid. Sidan 1. februar har vegen mellom Sogndal og Leikanger totalt vore stengt meir enn tre veker. Det er sett opp kriseruter med båt for alle som pendlar mellom dei to kommunane, og ferjer mellom Hella og Kaupanger.

Men i helgane er båtsambandet dårleg, og ifølgje Sogn Avis skal ungdommar i Leikanger ha trassa sperringane og gått forbi Fatlaberget for å kome seg til og frå Sogndal i helgane. Distriktsvegsjef Nils Magne Slinde seier at dei har informasjon om at ungdommar blir skyssa til og frå sperringane på kvar side. Han åtvarar dei unge mot å ta beina fatt:

— Det er så farleg at vi verken har trafikk eller arbeid i området no. Det ramlar ned stein jamt og trutt, seier Slinde.

På dagtid er det sett opp båtruter mellom Leikanger og Sogndal, men om nettene går det ingen båtar. Leikanger-ungdomen må difor overnatte om dei skal nytte seg av tilboda på utelivsfronten i Sogndal.

Vegvesenet har kontakta politiet og bedt dei vurdere reaksjonar. Politiet var i området sist helg, men såg ingen som tok seg forbi sperringane.