Eit bygg er stengt etter at det blei påvist asbest på Knarvik vidaregåande skule tysdag ettermiddag.

– I samband med ombyggingsarbeid blei det oppdaga nokre takplater som det var mistanke om inneheldt asbest. Då den mistanken vart lansert, stengte eg bygget umiddelbart, seier rektor Inge A. Alver.

Arbeidstilsynet har vore på staden og tatt prøvar, og stadfestar at det dreiar seg om asbest.

Bygget består av klasserom, verkstader, kontor og arbeidsrom for lærarar.

Sendt heim

– Då mistanken kom blei elevane sendt heim. I løpet av ein time blei lærarane flytta til kontor i andre bygningar, seier rektor.

Rektor avventar no at Arbeidstilsynet, eigedomsavdelinga i fylkeskommunen og entreprenøren får gjort sine vurderingar.

– Korleis ser du på asbestfunnet?

– Det er veldig keisamt, og dette var kanskje den verst tenkjelege dagen i heile skuleåret. Det er eit veldig trykk på kontorpersonalet som skal skrive ut vitnemål, seier Alver.

Firma får kritikk

Det innleigde byggmesterfirmaet som stod for ombyggingsarbeidet, får kritikk av Arbeidstilsynet.

– Firmaet har ikkje gjort dette på riktig måte. Dei har ikkje meldt frå til oss og dei mangla skriftleg løyve til asbestsanering innvendig, seier seniorinspektør i arbeidstilsynet, Atle Mitsem.

Arbeidstilsynet vil ha samtalar med verksemda for å sikre seg at dette ikkje skjer igjen.

Fylkeskommunen skal kartleggje området for å sjekke om det er støv i lufta som kan gje helseskade. Det er førebels usikkert kor store mengder asbest det dreiar seg om.

– Kor farleg er asbest?

– Får ein støv i lungene, er det farleg på sikt. Det blir sett som ein av dei farlegaste miljøgiftene i arbeidsmiljø i dag, seier Mitsem.

ERLEND SPURKELAND
ERLEND SPURKELAND