Det er Steinar Bastesen, Kystpartiet som i den skriftlege spørjetimen onsdag vil ha svar på kva statsråden kan gjera for å unngå at ein fylkesveg i Sogn og Fjordane blir permanent stengt.

— Det er heilt meiningslaust å stenge ein fylkesveg på grunn av pengemangel i fylkeskommunen, seier Steinar Basesen til Bergens Tidende.

Denne vegsaka kjem i neste månad også opp i fylkestinget. Både regionvegsjefen og fylkesrådmannen tilrår å skaffe midlar til i det minste planlegging av sikringstiltaka som krevst for at vegen kan opnast igjen.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp stengde vegen permanent like før påske. Han nytta paragraf 7 i veglova, stengning på grunn av fare for trafikantane, på den tre mil lange fylksvegen Bjordal-Matre.

Men det er langt fram til bygging av dei to tunnelane som må til for at regionvegsjefen vil opne vegen igjen.

— Det trengst 25 millonar kroner, og dei pengane har vi ikkje seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Bergens Tidende.

Ifølgje Statens Vegvesen region Vest står ei rekkje fylkesvegprosjekt i Sogn og Fjordane i kø for å få midlar. Veglause kystsamfunn ventar på vegutløysing, og rassikring manglar på fleire svært rasfarlege fylkesvegar. Det er fylkeskommunen som må bevilge pengane.

Etter at fylkesutvalet denne veka behandla den stengte fylkesvegen i Ytre Sogn, er håpet om pengar frå kraftgiganten BKK borte. Vegen vart bygd i samband med BKK si kraftutbygging i Ytre Sogn på 1960-talet. Men juridiske vurderingar slår no fast at «BKK ikkje har plikter i dag til å skaffe pengar» (til rassikring av vegen red.anm.).