Også denne gongen er det i området ved Naustbukttunnelen, ikkje så langt frå Øvre Årdal, at skreda har gått.

I følgje Statens vegvesen har det kome ned fleire store steinar. Når dagslyset kjem, skal fjellsida undersøkjast. Før det blir gjort er det uvisst kor tid riksveg 53 kan bli opna.

Sist ras stengde ved Naustbukti var då storregnet slo til midt i november. Riksvegen var då stengd godt over eitt døgn, så lenge at det var på hekta at det ikkje gjekk ut over aluminiumsproduksjonen ved smelteverket i Øvre. Dei er nemleg avhengige av råstoffleveransar frå Tangen.

I dagane etter raset spylte vegvesenet fjellsida for å få ned massar og steinar som låg lause, men det har tydelegvis ikkje vore nok.

RAS: Dette bildet er fra et tidliger ras på den samme vegen. Digre steinblokker raste ned på hovedveien gjennom Årdal kommune.
Hanne Stedje, Porten.no