— Avgjerda er tatt. Fylkesvegen over Stordalen vil bli stengt for gjennomkøyring, slår distriktsvegsjef i Sogn, Paal Fosdal, fast.

Men både frå sogne- og hordalandsida kjem sterke protestar.

— Dette kan få større konsekvensar enn vi anar, seier Øystein Bjørnsen. Han driv Stordalen Fjellstove tett ved fylkesgrensa, og fryktar at trafikken over fjellet kan gå dramatisk ned.

På sognesida kallar grunneigarane det som skjer for avtalebrot. Vegen blei bygt som kompensasjon for kraftutbygginga i området.

Store steinmengder

I påskehelga i fjor gjekk eit stort steinras ved Nybrufjell like ved fylkesgrensa. Skredet blei ikkje rydda før langt ut på vårparten.

Storraset har gjort at vegvesenet fekk laga ei geologisk utgreiing. No er rapporten frå Norges Geologiske Institutt (NGI) klar, og det er lite hyggjeleg lektyre. Konklusjonen er at rasfaren er svært stor. Store steinmengder kan kor tid som helst rase ut.

— Etter vårt syn vil det ikkje vere forsvarleg å køyre gjennom dette området. Vegen vil difor ikkje bli opna etter vinterstenginga. Vi kjem til å stenge for gjennomkøyring med bom på sognesida, seier Fosdal.

Skal vegen sikrast meiner NGI at det vil måtte byggjast to tunnelar, begge på kring 250 meter. Kostnaden med tunnelane er lausleg stipulert til 25 millionar kroner.

Taper kundar

Den 36,5 kilometer lange fylkesvegen frå Matre til Sognefjorden går gjennom attraktive hytteområde i Stordalen. Øystein Bjørnsen som driv Stordalen Fjellstove fryktar at stenginga for gjennomgangstrafikk kan gje store utslag.

— Kvar sommar har vi mange turistbussar som køyrer frå Matre over Stordalen til Sogn og tilbake langs E39. Det seier seg sjølv at det vil bli mindre attraktivt når bussane må køyre tilbake same vegen, meiner Bjørnsen.

Han peikar i tillegg på søndagstrafikken som eit svært viktig fundament for drifta av fjellstova.

— På søndagar i sommarsesongen hender det rett som det er at vi har 200 gjester til middag. Svært mange av dei er folk som tek same rundturen som turistbussane.

Hytteområde

Mange gardbrukarar på sognesida har dyra på sommarbeite i området. Stordalen er dessutan eit attraktiv hytteområde både for bergensarar, nordhordlendingar og sogningar. For dei som bur på Høyanger sørside betyr sommarstenginga at vegen til Stordalen-området blir kring seks mil lenger.

— Det går rett og slett ikkje an å stenge denne vegen. Enkelte bønder brukar vegen dagleg, seier Erik Jarle Osland i Bjordal. Han er eigar av oppdrettsselskapet Osland Havbruk, og mellom dei som har engasjert seg etter at vegvesenets stengeplanar blei kjende i bygda.

— Fylkesvegen over fjellet blei bygt som kompensasjon for ulempene kraftutbygginga påførte oss. Etter mitt syn vil det vere avtalebrot dersom vegen blir permanent stengd, seier Osland.

Men det argumentet bit ikkje på vegvesenet.

— Vår plikt er å vurdere tryggleiken til trafikantane, svarar distriktsvegsjef Fosdal.

SPEKTAKULÆR: Fylkesvegen mellom Bjordal i Sogn og Matre er spektakulær, men faren for ras er så stor at vegen blir stengd. <p/> Arkivfoto: Helge Sunde.