Årsaka er skader på berande konstruksjonar på ferjekaibrua. Medanreparasjonsarbeidet går føre seg, vil ferja gå i ordinær rute. Men berrepassasjerar kan gå av og på i Rysjedalsvika på nordsida av Sognefjorden. Bilarmå derimot nytte E39-sambandet Lavik – Oppedal lenger inne for å kome seg overfjorden.

I ei pressemelding karakteriserer Statens vegvesen arbeidet deiskal utføre som omfattande. Heile ferjekaibrua skal løftast på land, og detskal lagast nye fundament under vatn.

Konsekvensane av stenginga blir størst for innbyggjarane iøykommunen Solund. Dei har trekantsambandet Rysjedalsvika – Rutledal –Krakhella som si viktigaste ferdsleåre. For å ta bilen med nord om Sognefjordenmå sulingane først ta ferja til Rutledal deretter køyre til Oppedal for ein nyferjetur. Og sjølvsagt omvendt heim att.

Vegvesenet seier seg leie for at stenginga kan skape ulemper fortransporttenester og reisande med bil som nyttar sambandet.