Det er oppdaga mugg og sopp i kjellardelen, og dei 35 barna må dermed flytta inn i mellombelse lokale i Aktivitetssenteret i Skogsskiftet i minst tre månader framover.

Kommunalsjef Jon Erik Egeland seier til Kystradioen at mistanken kom etter at fleire barn blei forkjølte. Det var også meir sjukefråver blant dei tilsette enn normalt.

Kommunen overtok Kyrkjetunet barnehage i fjor og rehabiliterte han for to millionar kroner.