Renate D. Gjelsvik

11. juni er starten på fleire tiltak for å setje fart på sommar-Førde.

— Vi følar at det er for lite med eit storarrangement i Førde om sommaren. Folkemusikkfestivalen som er i juli er eit strålande opplegg, men Førde bør ha fleire arrangement som skapar liv og røre i byen, seier reiselivssjef Tom Farsund i Reisemål Sunnfjord til avisa Firda.

— Det er positivt å skapa aktivitetar og trivsel i Førde om sommaren. Sjølv om at vi er sunnfjordingane har vi ikkje noko imot at det kan regne inni mellom, men vi ønskjer å vere så sosiale som muleg, seier Farsund.

Han vil ikkje gå i detaljar om aktivitetane, men til konsertane tek dei sikte på artistar i norsk toppklasse.